Job 10 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Kvifor fører du klagemål mot meg?

1Eg er lei av livet,

vil klaga mi naud.

Eg er beisk i hug og vil tala ut.

2Eg seier til Gud: Fordøm meg ikkje!

Lat meg få vita kvifor du klagar meg.

3Har du glede av å gjera urett,

av å vraka det du sjølv har skapt,

og la ljoset skina over planane åt dei vonde?

4Har du då augo som ein skapning,

ser du så som menneske ser?

5Er dine dagar som dagane åt mennesket

og dine år som mannens år,

6sidan du leitar etter skuld hjå meg

og spør etter mine synder?

7Du veit at om eg er skuldlaus,

kan ingen berga meg or di hand.

8Det er du som har forma og skapt meg,

og så snur du om og tyner meg!

9Kom i hug at du har laga meg av leire,

og så lèt du meg verta til jord att!

10Du lét meg renna ut som mjølk

og sidan stivna liksom ost.

11Du kledde meg med kjøt og skinn

og vov meg i hop med bein og sener.

12Du gav meg liv og var trufast mot meg,

med omhug verna du mi ånd.

13Men dette gøymde du i hjarta,

eg veit du hadde det i tankar:

14Du ville vakta på meg når eg synda

og ikkje frikjenna meg for skuld.

15Ve meg om eg var skuldig!

Og hadde eg rett,

kunne eg ikkje lyfta hovudet.

Eg var mett av skam

og full av liding.

16Og lyfte eg likevel hovudet,

ville du jaga meg som ei løve

og atter fara underleg fram mot meg.

17Du ville føra nye vitne mot meg,

visa meg aukande uvilje

og atter og atter senda dine hærar mot meg.

18Kvifor lét du meg koma ut or mors liv?

Gjev eg hadde døytt før nokon fekk sjå meg!

19Det hadde vore som om eg aldri var til,

frå mors liv hadde dei ført meg til grava.

20Kor få mine levedagar er!

Gjev han ville la meg vera,

så eg kunne få litt glede

21før eg går bort til det kolmørke landet,

som eg aldri kjem att ifrå:

22eit land så svart som natta,

der mørker og ugreie rår,

og ljoset er mørkt som natta.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help