1Til korleiaren. Av Korah-songarane.
Ein salme.
2Du har vist nåde mot landet ditt, Herre,
Jakobs lagnad har du vendt.
3Du tok bort skulda åt folket ditt
og tilgav alle deira synder.
4All din harme tok du tilbake,
din brennande vreide lét du fara.
5Reis oss opp att, Gud, vår frelsar,
vend din uvilje bort frå oss!
6Vil du vera harm på oss for alltid
og la vreiden vara frå ætt til ætt?
7Vil ikkje du gje oss liv på nytt,
så ditt folk kan gleda seg i deg?
8Lat oss få sjå din godleik, Herre,
og gjev oss di frelse!
9Eg vil høyra kva Gud, Herren, seier.
For han talar fred til sitt folk,
til sine trugne,
– berre dei ikkje vender seg til dårskap!
10Ja, hans frelse er nær
for dei som ottast han;
hans herlegdom skal bu i vårt land.
11Godleik og sanning skal møta kvarandre,
rettferd og fred kyssa kvarandre.
12Truskap skal gro opp or jorda
og rettferd sjå ned frå himmelen.
13Då gjev Herren det som godt er,
og landet vårt ber si grøde.
14Rettferd går framføre han,
og frelse fylgjer i hans fotefar.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.