2. Krønikebok 17 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Josjafat, ein god konge i Juda

1Etter Asa vart Josjafat, son hans, konge. Han freista å styrkja makta si mot Israel.

10Då kom det ei redsle frå Herren over alle land og rike som låg kring Juda, så dei ikkje torde gå til strid mot Josjafat. 1 Mos 35,5; 2 Krøn 14,14; 20,29

11Nokre av filistarane kom til Josjafat med gåver og med sølv som dei gav i skatt. Arabarane òg kom til han og hadde med seg småfe, sju tusen sju hundre verar og sju tusen sju hundre bukkar.

12Såleis fekk Josjafat større og større makt, og han bygde borger og opplagsbyar i Juda.

13Han hadde store lager i Juda-byane og stridsmenn, djerve krigarar, i Jerusalem.

14Her er ei liste over dei, ætt for ætt: Juda hadde desse tusenmannsførarane: Adna, som var førar for tre hundre tusen djerve krigarar;

15jamsides han Johanan, som var førar for to hundre og åtti tusen;

16og jamsides han Amasja, son til Sikri, som av fri vilje hadde gått i Herrens teneste med to hundre tusen djerve krigarar.

17Frå Benjamin var det Eljada, ein djerv krigar, med to hundre tusen mann som var væpna med boge og skjold,

18og jamsides han Josabad med hundre og åtti tusen stridsbudde menn.

19Dette var dei mennene som gjorde teneste hjå kongen, forutan dei som kongen hadde lagt i festningsbyane rundt ikring i heile Juda.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help