Salmane 91 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Under Guds vern

1Den som sit i livd hjå Den Høgste

og bur i skuggen av Den Allmektige,

2han seier til Herren: «Mi livd og borg,

min Gud som eg set mi lit til!»

3Ja, han bergar deg frå jegerens snare,

frå pest som tyner.

4Med sine fjører løyner han deg,

under hans venger finn du livd.

Hans truskap er skjold og vern.

5Du skal ikkje reddast for skræmsler om natta,

for piler som flyg om dagen,

6for pest som snikjer seg fram i mørkret,

for sott som herjar middagstider.

7Om tusen fell ved di side,

ti tusen ved di høgre hand,

så skal ikkje ulukka nå deg.

8Du skal berre vera vitne til det

og sjå at dei gudlause får si løn.

9For du seier: «Herren er mi livd.»

Den Høgste har du gjort til din bustad.

10Inkje vondt skal koma over deg

og inga plage nå ditt telt.

11For han skal gje sine englar påbod

at dei skal verna deg på alle dine vegar.

12Dei skal bera deg på hendene,

så du ikkje støyter foten på nokon stein.

13På løve og orm skal du trakka,

ungløve og orm skal du trø under fot.

14«Eg bergar han, for han held seg til meg;

eg gjev han livd, for han kjenner mitt namn.

15Når han kallar på meg, svarar eg;

eg er med han i naud og trengsle,

eg friar han ut og gjev han ære.

16Eg mettar han med mange dagar

og lèt han sjå mi frelse.»

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help