1Då kom alle hærførarane og Johanan, son til Kareah, og Asarja, son til Hosjaja, og heile folket, både høg og låg,
2og sa til profeten Jeremia: «Lat oss få koma til deg med vår audmjuke bøn! Bed for oss til Herren din Gud, for alle som er att! Som du ser oss her, er vi då berre nokre få att av mange.
18Ja, så seier Herren, Allhærs Gud, Israels Gud: Liksom min vreide og harme vart utrend over Jerusalems-buane, såleis skal min harme verta utrend over dykk om de kjem til Egypt. De skal koma ut for svartekunster og skræmsle, forbanning og spott, og de skal aldri få sjå denne staden att. 24,9+
19Herren har sagt til dykk som er att i Juda: Far ikkje til Egypt! De skal sanneleg vita at eg har åtvara dykk i dag.
20De set då livet på spel. For fyrst sender de meg til Herren dykkar Gud og seier: «Bed for oss til Herren vår Gud og fortel oss alt det han seier, så skal vi gjera det.»
21Men når eg i dag har kunngjort dykk dette, vil de ikkje høyra Herrens ord og gjera alt det han har sendt meg til å seia dykk.
22No skal de vita at de kjem til å døy for sverd, av svolt og i pest på den staden de så gjerne vil fara til og slå dykk ned som innflyttarar.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.