1Til korleiaren. Av David, Herrens tenar, som kvad denne songen for Herren då han hadde fria han frå alle fiendane hans og frå Saul.
Herre, min styrke, deg har eg kjær.
3Herren er mitt berg og mi borg, min utfriar,
min Gud, mitt fjell, som eg flyr til,
mitt skjold, mitt frelsehorn og mitt vern.
4Eg kallar på Herren, han som får lovsong,
og eg vert frelst frå mine fiendar.
5Dødens lekkjer snørte seg om meg,
undergangsstraumane skræmde meg.
6Helheims reip vart spente om meg,
dødens snarer låg i min veg.
7Då kalla eg på Herren i mi naud
og ropa til min Gud.
Han høyrde mi røyst frå sitt tempel,
til hans øyra nådde mitt rop.
8Då skalv og riste jorda,
grunnen under fjella skok,
dei skalv fordi han var harm.
9Røyk steig opp or hans nase,
øydande eld or hans munn;
gneistar og glør fór ut frå han.
10Han senka himmelen og steig ned
med svarte skyer under sine føter.
11Sitjande på kjerubar flaug han,
fór fram på vengene åt vinden.
12Han gjorde mørkret til si gøymsle,
og kring seg hadde han som eit telt
svarte, regntunge skyer.
13Frå stråleglansen framføre han
kom det ut or skyene
hagl og gloande kol.
14Herren torna i himmelen,
Den Høgste lét røysta si lyda
gjennom hagl og gloande kol.
15Han skaut sine piler og spreidde mine fiendar,
med lyn i mengd skræmde han dei.
16Rennene på havbotnen kom til synes,
grunnvollane under jorda viste seg
då du truga, Herre,
ja, bles og fnyste av vreide.
17Han rette ut si hand frå det høge og greip meg,
drog meg opp or det djupe vatnet.
18Han berga meg frå min mektige fiende,
frå motstandarar som var meg for sterke.
19Dei gjekk imot meg på ulukkedagen,
men Herren var ei støtte for meg.
20Han førte meg ut i ope lende
og fria meg ut, for han har meg kjær.
21Herren gjorde vel imot meg for mi rettferd,
han lønte meg fordi mine hender var reine.
22For eg hadde halde meg til Herrens vegar
og ikkje falle frå min Gud i vondskap.
23Alle hans lover hadde eg for auga
og støytte ikkje frå meg hans bod.
24For han var eg heil i mi ferd
og akta meg vel, så eg ikkje synda.
25Herren lønte meg for mi rettferd,
då han såg at mine hender var reine.
26Du er trufast mot den som er trufast,
heilhjarta mot kvar heilhjarta mann.
27Du viser deg rein mot den reine,
men vrang mot den svikefulle.
28For du frelser dei hjelpelause,
men audmykjer dei som har stolte augo.
29Ja, du lèt mi lampe skina, Herre,
min Gud lyser opp i mitt mørker.
30Med deg kan eg storma mot ein krigarflokk,
med Guds hjelp kan eg springa over murar.
31Guds veg er fullkomen,
Herrens ord er reint.
Han er eit skjold for alle
som flyr til han.
32For kven er Gud forutan Herren,
og kven er eit berg om ikkje vår Gud?
33Gud rustar meg ut med styrke
og gjer mi ferd ulastande.
34Han gjev meg føter som ei hind
og lèt meg stå på høgdene.
35Han lærer opp mine hender til strid,
mine armar til å spenna bronsebogen.
36Du gjev meg di frelse til skjold
og stør meg med di høgre hand.
Du bøyer deg ned og gjer meg stor.
37Du jamnar veg for mine steg,
og mine okle er støe.
38Eg jagar mine fiendar og tek dei att;
eg snur ikkje før eg har gjort ende på dei.
39Eg knuser dei, så dei ikkje kan reisa seg,
men ligg under føtene mine.
40Du rustar meg med styrke til striden
og tvingar mine motstandarar i kne.
41Du slår mine fiendar på flukt,
eg rydjar ut dei som hatar meg.
42Dei ropar, men ingen bergar,
dei ropar til Herren, han svarar dei ikkje.
43Eg knuser dei som støv for vinden
og kastar dei ut som avfall i gata.
44Du berga meg frå folk som låg i strid,
og sette meg til hovding over folkeslag.
Folk eg ikkje kjende, må tena meg,
45dei lyder berre dei høyrer om meg.
Framande kryp for meg,
46ja, dei framande er utmødde,
skjelvande kjem dei ut or sine borger.
47Herren lever!
Mitt berg vere lova!
Opphøgd vere Gud, min frelsar.
48Gud gjev meg hemn
og legg folkeslag under meg.
49Han friar meg frå mine fiendar,
ja, lyfter meg høgt over mine motstandarar
og bergar meg frå valdsmenn.
50Difor lovar eg deg mellom folka, Herre,
og prisar ditt namn med song.
51Han gjev sin konge store sigrar,
han er trufast mot den han har salva,
mot David og hans ætt til evig tid.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.