Salmane 131 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Audmjuk tillit til Herren

1Ein song til festferdene. Av David.

Herre, hjarta mitt er ikkje hovmodig,

augo mine er ikkje stolte.

Eg gjev meg ikkje av med slikt

som er for stort og underfullt for meg.

2Nei, eg har fått mi sjel

til å vera still og roleg,

som eit lite barn hjå mor si,

når det har stilt sin torste.

Så er mi sjel i meg.

3Venta på Herren, Israel,

frå no og til evig tid!

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help