Salmane 147 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Pris Herren, Jerusalem!

1Halleluja!

Ja, det er godt å prisa vår Gud,

det sømer seg med fager lovsong.

2Herren byggjer Jerusalem

og samlar Israels spreidde folk.

3Han lækjer dei som har eit sundbrote hjarta,

og fetlar deira verkjande sår.

4Han fastset talet på stjernene

og gjev dei alle namn.

5Stor er vår Herre og rik på kraft,

hans skjøn er utan grense.

6Han held dei hjelpelause oppe,

og bøyer dei vonde til jorda.

7Syng takkesong for Herren,

spel på lyra for vår Gud!

8Han breier skyer over himmelen,

syter for regn til jorda

og lèt graset gro på åsane.

9Herren gjev føde til dyra,

til ramnungar som ropar.

10Han bryr seg ikkje om hestens styrke

og har ikkje hugnad i snarføtt mann.

11Herren har hugnad i dei som ottast han

og ventar på hans miskunn.

12Lovpris Herren, Jerusalem,

syng lovsong, Sion, for din Gud!

13Han gjer dine portbommar sterke

og velsignar dine born.

14Han gjev lukke og fred i ditt land

og mettar deg med den beste kveiten.

15Han sender sitt ord til jorda,

ovsnøgt spring hans ord.

16Han lèt snøen falla som ull,

strøyer ut rimet som støv.

17Han kastar sitt hagl som smular;

kven kan stå seg for hans kulde?

18Han sender sitt ord og smeltar snøen,

lèt vinden blåsa så vatnet renn.

19Han forkynte sitt ord for Jakob,

sine føresegner og domar for Israel.

20Det har han ikkje gjort for andre folk,

dei kjenner ikkje hans domar.

Halleluja!

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help