1Herren sa til Moses: Sei til prestane, Arons-sønene: Ein prest skal ikkje gjera seg urein mellom landsmennene sine med å røra eit lik,
9Når ei prestedotter vanhelgar seg med skjøkjelivnad, vanhelgar ho far sin. Ho skal brennast.
10Den som er øvsteprest mellom brørne sine og har fått salvingsoljen på hovudet sitt, er innsett i embetet og kledd i dei heilage kleda, han skal ikkje la håret hanga fritt og ikkje riva sund kleda. 2 Mos 28,41; 3 Mos 8,12; 10,6
11Han må ikkje gå inn til nokon som er død; ikkje eingong ved far sin eller mor si må han gjera seg urein.
12Han må ikkje gå ut or heilagdomen og ikkje vanhelga sin Guds heilagdom. For han har den vigsla som han fekk med sin Guds salvingsolje. Eg er Herren.
13Den kvinna han gifter seg med, må vera møy;
14han må korkje ta ei enkje, ei kvinne som er fråskild eller vanæra, eller ei skjøkje. Berre ei møy av sitt eige folk skal han ta til kone, Esek 44,22
15så han ikkje skal vanhelga etterkomarane i ætta. For eg er Herren, som helgar han.
16Herren tala til Moses og sa:
17Sei til Aron: Ingen av etterkomarane dine som har eit lyte, skal no eller sidan koma og bera fram mat åt sin Gud. 1 Tim 3,2; Tit 1,6f
18Ingen som har eit lyte, skal stiga fram: ingen som er blind eller halt, ingen som har eit lyte i andletet eller ein vanskapt lem,
19ingen som har ein broten fot eller arm,
20ingen som er krylryggja eller dverg, ingen som har ein kvit flekk på auga eller skabb eller noko anna utslett, og ingen som er skadd i pungen.
21Ingen etterkomar av presten Aron, som har eit lyte, skal koma og bera fram Herrens eldoffer. Fordi han har eit lyte, skal han ikkje koma og bera fram mat åt sin Gud.
22Han kan få eta maten åt sin Gud, både av dei høgheilage og av dei heilage gåvene.
23Men han må ikkje koma inn til forhenget og ikkje gå fram for altaret, sidan han har eit lyte; han må ikkje vanhelga heilagdomane mine. For eg er Herren, som helgar dei.
24Dette sa Moses til Aron og sønene hans og til alle israelittane.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.