5. Mosebok 8 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Det gode landet

1Alle dei boda eg gjev deg i dag, skal de leggja vinn på å halda. Då skal de få leva og aukast og koma inn i det landet som Herren svor at han ville gje fedrane dykkar, og ta det i eige.

2Kom i hug korleis Herren din Gud førte deg heile vegen desse førti åra i øydemarka, fordi han ville audmykja deg og prøva deg og sjå kva som budde i hjarta ditt, om du ville halda boda hans eller ikkje.

3Han audmykte deg og lét deg svelta. Så gav han deg manna, ein mat som korkje du eller fedrane dine kjende til. Han ville syna deg at mennesket ikkje lever berre av brød, men av kvart ord som kjem frå Herrens munn. 2 Mos 16,14ff.35; Matt 4,4

4Kleda dine vart ikkje utslitne, og føtene dine hovna ikkje i desse førti åra. 29,5; Neh 9,21

5Så må du då skjøna at Herren din Gud vil oppseda deg liksom ein mann oppsedar son sin. 1,31; Ordt 3,12

6Hald boda åt Herren din Gud! Gå på hans vegar, og ha age for han!

7Sanneleg, Herren din Gud fører deg inn i eit godt land, eit land med rennande bekker, med kjelder og vassårer som kjem fram i dalane og på fjella,

8eit land med kveite og bygg, med vintre, fikentre og granataplar, eit land med oliventre og honning.

9Der skal du ikkje leva i armod og ikkje vanta noko. Der er det jern i steinane, og der kan du bryta ut kopar or fjellet.

10Når du så får eta deg mett, skal du prisa Herren din Gud for det gode landet han har gjeve deg.

Gløym ikkje Herren din Gud!

11Ta deg i vare så du ikkje gløymer Herren din Gud og lèt vera å halda lovene, boda og føresegnene hans, som eg gjev deg i dag.

12Når du kan eta deg mett, når du byggjer deg fine hus og får bu i dei,

13når storfeet og småfeet ditt aukar, når du får mykje gull og sølv og all din eigedom veks,

14ta deg då i vare så du ikkje vert hovmodig og gløymer Herren din Gud, som førte deg ut or Egypt, or trælehuset.

15Han førte deg gjennom den store, uhyggjelege øydemarka, mellom eiterormar og skorpionar, gjennom eit turt og vasslaust land. Og or harde fjellet lét han vatn strøyma fram åt deg. 2 Mos 17,6; 4 Mos 20,11; 21,6

16Han gav deg manna i øydemarka, ein mat som fedrane dine aldri hadde høyrt gjete. Alt dette gjorde han av di han ville audmykja deg og prøva deg og så gjera vel imot deg til sist.

17Difor skal du ikkje tenkja med deg sjølv at det er di eiga kraft og di sterke hand som har vunne deg denne rikdomen. Am 6,13

18Nei, kom i hug at det er Herren din Gud som gjev deg kraft til å vinna rikdom. Såleis vil han stå ved den pakta som han gjorde med fedrane dine og stadfeste med eid, som han gjer det i dag. 4 Mos 23,19; 5 Mos 28,1ff

19Men gløymer du Herren din Gud og held deg til andre gudar, dyrkar dei og bøyer deg og tilbed dei, då er det ute med dykk, det seier eg dykk for visst. 28,15ff; 30,17ff; Jos 23,16

20Liksom dei folkeslaga som Herren gjer ende på for dykk, såleis skal de òg gå til grunne, fordi de ikkje ville lyda Herren dykkar Gud.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help