Johannes' openberring 6 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Dei sju segla(6,1–8,1)Dei seks fyrste segla vert brotne

1I synet såg eg Lammet bryta det fyrste av dei sju segla, og eg høyrde ein av dei fire skapningane ropa med torerøyst: «Kom!»

3Då Lammet braut det andre seglet, høyrde eg den andre skapningen seia: «Kom!»

4Og det kom fram ein annan hest, raud som eld. Han som sat på hesten, fekk makt til å ta freden bort frå jorda, så folk skulle slakta kvarandre; og det vart gjeve han eit stort sverd.

5Då Lammet braut det tredje seglet, høyrde eg den tredje skapningen seia: «Kom!» Då fekk eg sjå ein svart hest, og han som sat på hesten, hadde ei vekt i handa.

9Då Lammet braut det femte seglet, såg eg under altaret sjelene åt dei som var ihelslegne for Guds ord skuld og for det vitnemålet dei hadde.

12Og eg såg Lammet bryta det sjette seglet. Då kom det eit stort jordskjelv. Sola vart svart som ein syrgjebunad, heile månen vart som blod,

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help