Jesaja 7 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Ottast ikkje, men tru på Gud!

1På den tid då Akas, son til Jotam og soneson til Ussia, var konge i Juda, drog Resin, kongen i Aram, saman med Pekah Remaljason, kongen i Israel, opp til Jerusalem og ville ta byen. Men han greidde ikkje å koma til med noko åtak.

2Det vart meldt til Davids hus at aramearane hadde slege leir i Efraim. Då skalv hjarta åt kongen og folket, liksom trea i skogen skjelv i vinden.

3Men Herren sa til Jesaja: «Gå og møt Akas, du og Sjear-Jasjub, son din, ved enden av vassleidningen frå Øvredammen, på vegen til Bleikjevollen!

4Og sei til han: Ta deg i vare og hald deg i ro! Ver ikkje redd, og miss ikkje motet for desse to rykande vedskiene, for den brennande harmen åt Resin og Aram og Remalja-sonen!

5For aramearane har lagt vonde planar mot deg, saman med Efraim og Remalja-sonen. Dei seier:

6Lat oss fara opp mot Juda og setja støkk i folket, leggja landet under oss og gjera Tabe'el-sonen til konge der!»

7Men så seier Herren Gud:

«Det skal ikkje vara ved,

og så skal det ikkje vera

8at Damaskus er Arams hovud

og Resin hovding i Damaskus

– om sekstifem år er det ute med Efraim,

så det ikkje meir er eit folk,

9at Samaria er Efraims hovud

og Remalja-sonen hovding i Samaria.

Vil de ikkje tru, skal de ikkje trygt få bu.» Immanuels-teiknet

10Herren tala atter til Akas og sa:

11«Krev deg eit teikn av Herren din Gud! Krev det nede i dødsriket eller oppe i høgda!»

12Men Akas svara: «Eg vil ikkje krevja noko, eg vil ikkje setja Herren på prøve.»

13Då sa profeten: «Så høyr då, du Davids hus! Er det ikkje nok at de trøyttar menneske, sidan de trøyttar min Gud òg?

14Difor skal Herren sjølv gje dykk eit teikn: Sjå, ei møy skal verta med barn og føda ein son, og ho skal kalla han Immanuel. Framandvelde og fattigdom

18Den dagen skal Herren plystra

på flugene attmed elvosane i Egypt

og på biene i Assyria.

19Alle skal koma og slå seg ned

i tronge dalar og fjellkløfter,

i alle klungerrunnar

og på alle brynnings-stader.

20Den dagen skal Herren raka av håret

med ein kniv han har leigt

på hi sida av Storelva,

med kongen i Assyria.

Både ovantil og nedantil

skal han raka av alt hår;

jamvel skjegget skal han skrapa bort.

21På den tid skal ein mann kunna halda

ei kvige og eit par sauer,

22og dei skal gje så mykje mjølk

at han kan eta rjome.

Ja, rjome og honning skal dei eta,

alle som er att i landet.

23På den tid skal det henda

at kvar stad der det no står tusen vintre,

som er verde tusen sekel sølv,

skal det berre veksa torn og tistel.

24Med pil og boge går ein dit,

for landet er fullt av torn og tistel.

25Til alle lier der dei no brukar hakke,

kjem du ikkje meir av redsle for torn og tistel.

Dei skal verta til hamnegang for oksar

og trakkast ned av sauer.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help