2. Mosebok 35 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Sabbatsbodet

1Moses kalla saman heile Israels-lyden og sa til dei: Dette er det som Herren har sagt at de skal gjera:

2Seks dagar skal de arbeida, men den sjuande dagen skal de halda sabbat, heilag sabbat for Herren. Kvar den som då gjer noko arbeid, skal lata livet.

20Så gjekk heile Israels-lyden bort frå Moses.

21Sidan kom dei, alle som kjende seg drivne til det, alle som kjende trong til det, og bar fram gåver for Herren til arbeidet på møteteltet og til all tenesta der og til dei heilage kleda.

22Dei kom, både menn og kvinner, alle som gjerne ville ofra, med spenner, øyreringar, fingerringar og halskjeder, alle slag saker av gull. Alle kom dei med den gåva av gull som dei ville via til Herren.

23Og alle som hadde fiolett, purpurraud og karmosinraud ull, fint lin og geiteragg, raudleta verskinn og delfinskinn, kom med det.

24Alle som ville gje ei gåve av sølv eller bronse, kom med gåva til Herren, og alle som hadde akasietre, kom med det til alt byggjearbeidet.

25Alle kvinner som skjøna seg på spinning, tok fatt og kom med det dei hadde spunne: fiolett, purpurraudt og karmosinraudt ullgarn og fint lingarn.

26Og alle kvinner som hadde evner til det og kjende seg drivne til det, spann geiteragget.

27Leiarane bar fram karneol og andre dyre steinar til å setja på efoden og brystduken,

28og balsam og olje til ljosestaken, salvingsoljen og den velluktande røykjelsen.

29Kvar mann og kvinne mellom israelittane som kjende trong til å gje noko til det store arbeidet som Herren gjennom Moses hadde sett dei til å gjera, dei kom med det, ei friviljug gåve til Herren.

Handverkarane får oppdraget

30Moses sa til israelittane: Herren har kalla Besalel, son til Uri Hursson, av Juda-ætta 31,2ff+

31og fylt han med ånd frå Gud, med visdom, skjøn og kunnskap og med evne til alle slag handverk,

32så han kan tenkja ut og laga kunstverk i gull, sølv eller bronse,

33slipa steinar som skal fellast inn, skjera ut i tre og gjera alle slag kunsthandverk.

34Gåve til å læra frå seg har Herren gjeve både han og Oholiab, son til Akisamak, av Dans-ætta.

35Han har rusta dei ut med evne til å gjera alle slag treskurd, kunstvevnad, mangleta vevnad med fiolett, purpurraudt og karmosinraudt ullgarn og fint lingarn, og vanleg vevnad. Dei skal tenkja ut og laga alle slag kunstverk.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help