Jesaja 19 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Herrens dom over Egypt

1Domsord mot Egypt.

Sjå, Herren fer fram på lette sky

og kjem til Egypt.

Egyptargudane skjelv for han,

og motet kverv hjå egyptarane.

2Eg eggjar egyptar mot egyptar,

så dei strider, kvar mot sin bror,

mann mot mann og by mot by,

og kongerike mot kongerike.

3Egyptarane går frå sans og samling,

eg skiplar deira planar.

Då vender dei seg til gudar og trollmenn,

til gjengangarar og spådomsånder.

4Men eg vil gje egyptarane

i ein hardstyrars vald og makt;

ein mektig konge skal rå over dei,

lyder ordet frå Herren, Allhærs Herre.

5Då turkar vatnet i Nilen bort,

elva vert tom og turr.

6Elvefara ligg og tevjar,

Nilens armar minkar og turkar ut,

røyr og sev svartnar og visnar.

7Graset som veks frammed Nilen,

og alt som er sått langs elva,

turkar, fyk bort og kverv.

8Fiskarane syrgjer og klagar,

alle som kastar krok i Nilen;

og dei som set garn i vatnet,

misser reint motet.

9Dei som arbeider med lin, vert til skammar,

dei som kardar og vev, bleiknar.

10Alle vevarane sturer,

lønsarbeidarane er ille til mote.

11Berre dårar er hovdingane i Soan,

vismennene åt farao gjev dumme råd.

Korleis kan de seia til farao:

«Vi er ætta frå vismenn,

frå kongar i gamal tid»?

12Kvar er då vismennene dine?

Lat dei fortelja og kunngjera deg

kva Herren, Allhærs Gud, har sett seg føre

å gjera med egyptarane.

13Dårar er hovdingane i Soan,

stormennene i Nof har late seg narra.

Ættehovdingane i Egypt

har ført folket sitt vilt.

14I dei har Herren rent ut

ei ånd som gjer ør.

Dei har fått egyptarane til å raga

kva dei så tek seg føre,

som ein drukken ragar om i sitt spy.

15Ingenting skal lukkast for egyptarane,

anten det er hovud eller hale,

palmegrein eller sev som gjer det.

16Den dagen skal egyptarane vera som kvinner. Dei skal skjelva av angst fordi Herren, Allhærs Gud, har lyft si hand og svingar henne over dei.

17Juda-landet skal verta ei redsle for egyptarane. Så ofte nokon nemner det for dei, skal dei skjelva av angst for den planen Herren, Allhærs Gud, har lagt mot dei.

Når Herren velsignar folka

18På den tid skal det vera fem byar i Egypt som talar Kanaans tungemål og sver truskap til Herren, Allhærs Gud. Ein av dei skal kallast Ir-Haheres.

19På den tid skal det vera eit altar for Herren midt i Egypt og ei steinstøtte ved grensa. 1 Mos 28,18.22

20Det skal vera til teikn og vitnemål for Herren, Allhærs Gud, i Egypt. Når dei ropar til Herren om hjelp mot valdsmenn, skal han senda dei ein bergingsmann og stridsmann, og han skal frelsa dei. Dom 2,16.18

21Då skal Herren gjera seg kjend for egyptarane; dei skal læra han å kjenna på den tid. Og dei skal dyrka han med slaktoffer og grødeoffer, gje han lovnader og halda dei. 4 Mos 30,3ff; 5 Mos 23,22ff; Sal 51,19.21; 68,32

22Herren skal slå egyptarane – slå, men lækja òg. Dei skal venda om til Herren, og han skal høyra bønene deira og lækja dei.

23På den tid skal det vera ein jamn veg frå Egypt til Assyria. Assyrarane skal koma til Egypt og egyptarane til Assyria, og saman skal dei tena Herren.

24På den tid skal Israel – den tredje i lag med Egypt og Assyria – vera ei velsigning midt på jorda.

25Herren, Allhærs Gud, skal velsigna dei og seia:

Velsigna vere Egypt, mitt folk,

Assyria, eit verk av mi hand,

og Israel, min eigedom!

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help