Dommarane 2 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Herrens engel åtvarar israelittane

1Herrens engel kom frå Gilgal opp til Bokim og sa: Eg førte dykk opp frå Egypt og lét dykk koma til det landet som eg med eid lova fedrane dykkar. Og eg sa: «Aldri vil eg bryta mi pakt med dykk.

4Då Herrens engel hadde tala desse orda til israelittane, gret folket.

5Difor kalla dei den staden Bokim. Der ofra dei til Herren.

Israel fell frå i domartida

6Då Josva hadde bede farvel med folket, fór israelittane kvar til sitt odelsland og skulle leggja det under seg.

11Då gjorde israelittane det som vondt var i Herrens augo. Dei dyrka Ba'al-gudane

14Då vart Herren brennande harm på Israel og gav dei i hendene på røvarar, som herja dei. Han gav dei i hendene på uvenene deira rundt om, og dei kunne ikkje stå seg mot fiendane.

16Då lét Herren domarar stå fram, som berga dei frå røvarane. 3,9.15

17Men dei lydde ikkje domarane sine heller. Trulause som dei var, heldt dei seg til andre gudar, bøygde seg for dei og tilbad dei, og snart veik dei av frå den vegen som fedrane deira hadde fylgt. For fedrane lydde Herrens bod, men det gjorde ikkje dei.

18Kvar gong Herren lét ein domar stå fram mellom dei, var Herren med han og berga folket frå fiendane deira så lenge domaren levde. For Herren ynkast over dei når dei sukka og stunde fordi dei vart trælka og kua.

19Men ikkje før var domaren borte, så bar dei seg atter ille åt, endå verre enn fedrane. Dei heldt seg til andre gudar, tente dei og tilbad dei, og dei gav ikkje opp sine vonde gjerningar og si trassige ferd.

20Då vart Herren brennande harm på Israel og sa: «Fordi dette folket har brote den pakta eg gjorde med fedrane deira, og ikkje lydt etter orda mine,

21så vil heller ikkje eg hjelpa dei og driva ut noko av dei folka som Josva lét vera att då han døydde.

22For med dei vil eg prøva Israel og sjå om dei held seg til Herrens vegar og går på dei, som fedrane deira gjorde, eller ikkje.» 2 Mos 16,4+; 5 Mos 8,2; Dom 3,1.4f

23Så lét Herren desse folka vera. Han dreiv dei ikkje straks ut og gav dei ikkje i Josvas hand.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help