1Til korleiaren. «Øydelegg ikkje!» Ein miktam av David, då han rømde for Saul og gøymde seg i hola.
2Ver meg nådig, Gud, ver meg nådig!
For eg flyr til deg.
I skuggen av dine venger
finn eg livd til ulukka er over.
3Eg ropar til Gud, Den Høgste,
til Gud som fullfører verket for meg,
4at han må senda meg hjelp frå himmelen,
setja støkk i dei som vil meg til livs, Sela
og visa meg miskunn og truskap.
5Eg må liggja midt imellom løver
som vil gløypa menneske.
Deira tenner er som spyd og piler,
deira tunge som kvasse sverdet.
6Vis deg høg over himmelen, Gud,
vis din herlegdom over all jorda!
7Dei sette garn for mine føter,
djupt bøygde dei meg ned.
Dei grov ei fallgrav for meg,
men sjølve fall dei ned i henne. Sela
8Mitt hjarta er roleg, Gud,
mitt hjarta er roleg.
Eg vil syngja og spela.
9Vakna, mi sjel,
vakna, harpe og lyre!
Morgonroden vil eg vekkja.
10Eg vil prisa deg mellom folka, Herre,
lovsyngja deg mellom folkeslag.
11Stor er di miskunn, til himmelen når ho,
til skyene rekk din truskap.
12Vis deg høg over himmelen, Gud,
vis din herlegdom over all jorda!
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.