Salmane 89 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Har Herren svikta sine lovnader?

1Ein læresalme av Etan, som høyrde Esrah-ætta til.

2Eg vil alltid syngja om dei gjerningar

som Herren i sin nåde har gjort.

Eg vil forkynna din truskap frå ætt til ætt.

3Eg seier: Di miskunn er bygd opp for evig,

din truskap står fast i himmelen.

4«Eg gjorde ei pakt med min utvalde,

gav David, min tenar, ein heilag lovnad:

5Di ætt vil eg halda oppe til evig tid;

eg vil byggja din kongsstol frå ætt til ætt.» Sela

6Himmelen prisar dine under, Herre,

dei heilage som er samla, lovsyng din truskap.

7For kven i det høge kan liknast med Herren,

kven er som Herren mellom gudesøner?

8Det står age av Gud i rådet åt dei heilage,

han er stor og ageleg for alle ikring han.

9Kven er som du, Herre, Allhærs Gud?

Mektig er du Herre,

og truskap har du ikring deg.

10Du råder over det stolte havet;

når bylgjene reiser seg, stiller du dei.

11Du knuste Rahab som ein fallen krigar,

dine fiendar spreidde du med din sterke arm.

12Din er himmelen, og di er jorda;

du har grunnlagt verda og alt det som fyller henne.

13Nordheimen og sørheimen, du har skapt dei,

Tabor og Hermon jublar over ditt namn.

14Du har ein arm med veldig kraft,

sterk er di hand, di høgre er lyft.

15Rett og rettferd er grunnvoll for din kongsstol,

miskunn og truskap går føre deg.

16Sælt er det folket som kjenner hyllingsropet

og ferdast i ljoset frå ditt åsyn, Herre.

17All dagen jublar dei over ditt namn,

ved di rettferd vert dei lyfte.

18For du er vår herlege styrke,

i din godhug gjev du oss kraft.

19Vårt skjold er vigt til Herren,

vår konge til Israels Heilage.

20Ein gong tala du i eit syn

til dei som var true mot di pakt:

«Eg har sett krona på ein helt,

reist opp ein utvald krigar av folket.

21David, min tenar, fann eg,

med heilag olje salva eg han.

22Mi hand skal halda han oppe,

min arm skal gje han styrke.

23Fiendar skal ikkje lura han,

nidingar skal ikkje kua han.

24Hans motstandarar knuser eg framfor han,

dei som hatar han, slår eg ned.

25Trufast og god vil eg vera mot han,

i mitt namn skal krafta hans auka.

26Eg lèt hans velde nå til havet,

hans makt til elvane i aust.

27Han skal ropa til meg: Du er min far,

min Gud og mitt frelsande berg!

28Ja, eg gjer han til min fyrstefødde,

til den høgste mellom kongane på jord.

29Eg held evig fast på min truskap mot han,

mi pakt med han skal stå ved lag.

30Hans ætt vil eg alltid halda oppe,

hans kongsstol så lenge himmelen er til.

31Dersom hans søner går bort frå mi lov

og ikkje ferdast etter mine bod,

32dersom dei vanvørder mine føresegner

og ikkje held mine påbod,

33då straffar eg dei med ris for deira brot,

med slag for deira misgjerning.

34Men mi miskunn tek eg ikkje frå han,

min truskap sviktar eg ikkje.

35Eg vil ikkje vanhelga mi pakt

og ikkje endra det eg har tala.

36Ein gong gav eg ein heilag lovnad,

og eg vil ikkje lyga for David.

37Hans ætt skal alltid leva,

og hans kongsstol skal stå for mitt åsyn

så lenge sola er til.

38Han skal vara evig som månen,

det trufaste vitnet i skya.» Sela

39Men no har du vraka den du har salva,

støytt han bort i din vreide.

40Du har gjort om inkje pakta med din tenar,

vanæra hans krone og trøtt henne i støvet.

41Du har rive ned alle hans murar

og lagt hans borger i grus.

42Dei plyndrar han, alle som fer framom,

han har vorte til spott for sine grannar.

43Du har gjeve hans fiendar styrke

og gjort alle hans motstandarar glade.

44Ja, hans kvasse sverd har du late vika,

du heldt han ikkje oppe i striden.

45Du har gjort ende på hans glans

og velt hans kongsstol til jorda.

46Du har forkorta hans ungdoms dagar

og sveipt han i skam. Sela

47Kor lenge, Herre?

Vil du løyna deg for alltid?

Kor lenge skal din harme loga som eld?

48Kom i hug kor kort mi levetid er!

Kor forgjengelege dei er,

alle menneske som du har skapt!

49Kvar finst den mannen som ikkje må døy,

som kan berga seg frå helheims vald? Sela

50Kvar vert det av dei gjerningar, Herre,

som du før har vist oss i din nåde,

og som du med eid

lova David i din truskap?

51Herre, kom i hug din tenars vanære!

Spott frå folka må eg tola.

52For dine fiendar spottar, Herre,

dei spottar din salvevigde, kvar han går.

*

53Lova vere Herren til evig tid! Amen, amen.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help