3. Mosebok 20 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

De skal vera heilage

1Herren tala til Moses og sa:

2Sei til israelittane: Dersom ein israelitt eller ein innflyttar i Israel gjev eit av borna sine til Molok, skal han døy. Folket i landet skal steina han.

7De skal helga dykk og vera heilage. For eg er Herren dykkar Gud.

11Den som ligg med kona til far sin, vanærar far sin. Dei skal begge døy; det kviler blodskuld på dei.

12Når ein mann ligg med sonekona si, skal dei begge døy. Dei har gjort ei stygg gjerning; det kviler blodskuld på dei.

13Når ein mann ligg med ein annan mann som ein ligg med ei kvinne, har dei begge gjort ei stygg gjerning. Dei skal døy; det kviler blodskuld på dei.

14Når ein mann tek ei kvinne og mor hennar til kone, er det skamlaus ferd. Dei skal brennast, både han og kvinnene. Slik skamløyse må ikkje finnast mellom dykk.

15Ein mann som har omgang med eit dyr, skal døy, og dyret skal de drepa.

16Når ei kvinne går til eit dyr og parar seg med det, skal du drepa både kvinna og dyret. Dei skal døy; det kviler blodskuld på dei.

17Når ein mann gifter seg med syster si, som har same far eller same mor som han, og dei har sett kvarandre nakne, då er det ei skam, og dei skal rydjast ut for augo på landsmennene sine. Han har lege med syster si og ført skuld over seg.

18Den som går til sengs med ei kvinne som har månadstida si og ligg med henne, han har teke dekket av kjelda hennar, og ho har vist fram blodkjelda si. Dei skal begge rydjast ut or folket sitt.

19Du skal ikkje liggja med syster til mor di eller far din. Den som det gjer, vanærar si eiga ætt. Dei fører skuld over seg.

20Den som ligg med kona til farbror sin, vanærar farbror sin. Dei fører synd over seg og skal døy barnlause.

21Når ein mann gifter seg med kona til bror sin, er det ei skamleg gjerning. Han vanærar bror sin; dei skal ikkje få born.

22Gjev akt på alle føresegnene og lovene mine, og lev etter dei! Då skal de ikkje verta utspydde or det landet som eg vil føra dykk til og la dykk bu i.

27Når ein mann eller ei kvinne har ei daudingånd eller ei spådomsånd i seg, skal dei døy. Dei skal steinast; det kviler blodskuld på dei.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help