1Ein læresalme av David, då han var i hola. Ei bøn.
2Eg ropar høgt til Herren
og bed han audmjukt om nåde.
3Eg renner ut mi klage for han,
legg fram for han mi naud.
4Når mi ånd er kraftlaus,
veit du korleis det står til med meg.
På vegen der eg ferdast,
legg dei løynde snarer for meg.
5Eg ser til høgre og speidar,
men ingen kjennest ved meg.
Det finst ikkje utveg meir,
ingen bryr seg om meg.
6Eg ropar til deg, Herre,
og seier: Du er mi livd,
min lut i landet åt dei levande.
7Akta på mitt klagerop,
for eg er liten og hjelpelaus!
Fri meg frå dei som forfylgjer meg,
dei har vorte meg for sterke.
8Før meg ut or fengslet,
så eg kan prisa ditt namn!
Dei rettferdige ventar på
at du skal gjera vel imot meg.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.