Høgsongen 2 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Som lilja i dalane

1Ei rose frå Saron er eg,

ei lilje i dalane.

2«Som ei lilje mellom klunger,

så er min hugnad mellom møyar.»

3Som ein apal mellom trea i skogen,

så er min ven mellom unge menn.

I hans skugge er det hugnad å sitja,

hans frukt er søt i min munn.

Hans merke over meg er kjærleik

4Inn i vinhuset har han ført meg;

hans merke over meg er kjærleik.

5Styrk meg med druekaker,

kveik meg med eple!

For eg er sjuk av kjærleik.

6Hans venstre hand er under mitt hovud,

med den høgre femner han meg.

7Eg naudbed dykk, Jerusalems døtrer,

ved gasellane og hindane i marka:

Vekk ikkje kjærleiken!

Eggja han ikkje før sjølv han vil! Sjå, han kjem!

8Høyr, det er min ven.

Sjå der, han kjem

springande over heiane,

hoppande over haugane.

9Min ven er som gasellen,

han liknar den unge hjort.

Sjå, der står han bortmed husveggen;

han glytter inn gjennom gluggen

og ser inn mellom sprinklane.

10Min ven tek til ords og seier:

Stå opp, min hugnad!

Kom ut, mi fagre møy!

11For sjå, vinteren er til endes,

regnet har kvorve.

12Blomane sprett på vollane;

songtida er komen,

og turteldua kurrar i landet.

13Frukta på vintreet raudnar,

og det angar av vintre i blom.

Stå opp, min hugnad!

Kom ut, mi fagre møy!

14Du mi due på berghylla,

i livd under flogbratte fjell,

lat meg få sjå din skapnad,

lat meg få høyra ditt mæle!

For di røyst er så mjuk

og din skapnad så fager. Vakta kjærleikens vingard!

15Fanga revane for oss,

dei små revane som herjar i vingardane.

For no står våre vingardar i blom.

Kom att, min ven!

16Min ven er min, og eg er hans,

han som gjæter mellom liljer.

17Når dagen svalnar og skuggane flyr,

kom att, min ven!

Fly som gasellen og den unge hjort

over balsam-angande fjell!

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help