Ordtaka 30 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Agurs visdomsord

1Ord av Agur,

son til Jake frå Massa.

Så lyder ordet åt mannen:

Gud, eg er trøytt,

Gud, eg er trøytt og utmødd.

2Eg er for dum til å vera ein mann,

eg har ikkje vit som eit menneske.

3Visdom har eg ikkje lært,

eg har ikkje kunnskap om Den Heilage.

4Kven har stige opp til himmelen

og er komen ned att?

Kven har samla vinden i si hole hand

og bunde vatnet i eit klede?

Kven har fastsett alle grensene for jorda?

Kva heiter han, og kva heiter son hans?

Det veit vel du?

5Kvart ord frå Gud er reint.

Han er eit vern for dei som flyr til han.

6Legg ikkje noko til hans ord,

elles refser han deg,

og du står der som lygnar.

7To ting vil eg be deg om,

dei må du ikkje nekta meg før eg døyr:

8Hald lygn og fals langt borte frå meg,

og gjev meg korkje armod eller rikdom,

men lat meg få den mat eg treng!

9Elles kunne eg verta så mett

at eg fornekta deg og spurde: «Kven er Herren?»

eller verta så fattig at eg stal

og forbanna namnet åt min Gud.

10Baktal ikkje ein træl for hans herre;

elles vil han forbanna deg,

og du må bøta for di synd.

11Det finst folk som forbannar far sin

og ikkje velsignar mor si,

12folk som er reine i eigne augo,

men ikkje har vaska ureinskapen av seg,

13folk som er stolte i blikket

– å, kor dei lyfter sine augnebryn! –

14folk som har sverd til tenner

og knivar i kjakane,

så dei et armingar ut or landet

og fattige ut or folket.

15Blodiglen har to døtrer: «Gjev» og «Gjev».

Det finst tre som ikkje vert mette,

og fire som aldri får nok:

16dødsrike og barnlaust morsliv,

jorda som alltid tyrstar etter vatn,

og elden som aldri seier: «Det er nok.»

17Den som ser spottande på far sin

og ikkje vil lyda mor si,

på han skal ramnane ved bekken hakka ut augo,

og ørnungar skal eta dei opp.

18Det er tre ting som er for underfulle for meg,

og fire som eg ikkje skjønar:

19ørns flòg over himmelen,

orms veg over berget,

skips veg på havet

og manns veg til ei ung kvinne.

20Så ber ei trulaus kvinne seg åt:

Ho et og turkar seg om munnen

og seier: «Eg har ikkje gjort noko gale.»

21Tre ting får jorda til å skjelva,

og fire kan ho ikkje tola:

22trælen når han vert konge,

og dåren når han får eta seg mett,

23attergløyma når ho vert gift,

og trælkvinna når ho trengjer matmor si unna.

24Det finst fire som er små på jorda,

og likevel er dei klokast av dei kloke:

25Mauren er ikkje noko sterkt folk,

men om sommaren finn han seg føde.

26Fjellgrevlingen er eit folk utan styrke,

og endå byggjer han seg bustad i berget.

27Grashoppene har ingen konge,

men alle dreg dei ut, flokk etter flokk.

28Firfisla kan ein ta med hendene,

og endå er ho i kongens slott.

29Det finst tre som går med stolte steg,

og fire som har ei fager gonge:

30løva, kjempa mellom dyra,

som ikkje vik for nokon,

31hanen som går og bretter seg,

bukken fyrst i flokken

og kongen i brodden for sitt folk.

32Har du vore dum og hovmodig,

så tenk deg om og legg handa på munnen!

33For trykk på mjølk gjev smør,

trykk på nase gjev blod,

og trykk på vreide valdar strid.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help