1Same dagen vart det lese opp for folket or Moseboka. Og der fann dei skrive at ingen ammonitt eller moabitt nokon gong måtte vera med i Guds lyd.
7Då eg så kom til Jerusalem, skjøna eg kor vondt Eljasjib hadde bore seg åt då han stelte til eit lagerrom åt Tobia i føregardane til Guds hus.
8Eg tykte ille om det og kasta all husbunaden hans Tobia ut or romet.
9Så sa eg frå at roma skulle reinsast, og eg sytte for at tempelkara, grødeofferet og røykjelsen kom på plass att.
10Eg fekk òg vita at levittane ikkje hadde fått det dei skulle ha, og at dei difor hadde flytt ut, kvar til sin gard, både dei og songarane som skulle gjera teneste.
15På same tid såg eg at folk i Judea trakka vinpressene på sabbaten. Eg såg òg at mange samla korn og leste det på esel, og like eins vin, druer, fiken og andre varer, og førte det til Jerusalem på sabbatsdagen. Eg åtvara dei den dagen dei selde desse matvarene.
23På den tid såg eg òg at nokre jødar hadde gift seg med kvinner frå Asjdod, Ammon og Moab.
24Halvparten av borna deira tala Asjdod-mål eller tungemålet åt eit av dei andre folka; dei kunne ikkje tala judeisk.
25Eg tala dei til rettes og forbanna dei. Ja, somme av dei slo eg, og eg reiv dei i håret. Så lét eg dei sverja ved Gud at dei ikkje skulle gje døtrene sine til sønene åt desse folka og ikkje ta døtrene deira til koner åt sønene sine eller åt seg sjølve.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.