Salmane 62 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Mi frelse kjem frå Gud

1Til korleiaren. Etter Jedutun.

Ein Davids-salme.

2Einast i von til Gud er mi sjel still,

mi frelse kjem frå han.

3Einast han er mitt fjell og mi frelse;

han er mi borg, eg skal ikkje rikkast.

4Kor lenge vil de, alle i hop,

gå laus på ein mann for å drepa han,

som når ein stormar mot ein lutande vegg

eller ein falleferdig mur?

5Ja, dei legg planar om å støyta han ned,

ned frå hans høgd – dei elskar svik.

Med munnen velsignar dei,

men i sitt hjarta forbannar dei. Sela

6Ver still for Gud, mi sjel!

Frå han kjem mi von.

7Einast han er mitt fjell og mi frelse;

han er mi borg, eg skal ikkje rikkast.

8Mi frelse og mi ære

har sin grunn i Gud.

Han er mitt faste fjell,

eg flyr til han.

9Lit alltid på Gud, de folk,

renn ut for han det som fyller hjarta!

Gud er ei livd for oss. Sela

10Menneske er som ein pust,

menneskeborn sviktar;

på vektskåla vippar dei opp,

dei er alle lettare enn luft.

11Set ikkje lit til vald

eller fåfengd von til rov!

Om rikdomen aukar,

så lat ikkje det fanga din hug!

12Éin gong har Gud tala til meg,

ja, to gonger har eg høyrt

at det er Gud som har makta,

13og at du er trufast, Herre.

For du løner kvar og ein

etter det han har gjort.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help