Salmane 84 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Gleda i Herrens hus

1Til korleiaren. Etter Gittit.

Av Korah-songarane. Ein salme.

2Kor elskelege dine bustader er,

Herre, Allhærs Gud!

3Mi sjel lengta, ja brann av lengsle,

etter Herrens tempelgardar.

No jublar hjarta og kropp

mot den levande Gud.

4Ja, fuglen har funne ein heim,

svala har fått seg eit reir,

der ho kan leggja sine ungar,

ved dine altar, Herre, Allhærs Gud,

min konge og min Gud.

5Sæle er dei som bur i ditt hus,

dei skal alltid lova deg. Sela

6Sæle er dei som har sin styrke i deg,

dei som lengtar etter å fara opp til templet.

7Når dei fer gjennom den turre dalen,

gjer dei han til ein kjeldevang;

haustregnet legg si signing over han.

8Dei går frå kraft til kraft,

til dei stig fram for Gud på Sion.

9Høyr mi bøn, Herre, Allhærs Gud,

lyd etter, du Jakobs Gud! Sela

10Gud, vårt skjold, vend augo hit,

og sjå på han som du har salva!

11Ja, éin dag i dine tempelgardar

er betre enn tusen andre.

Å stå ved dørstokken til Guds hus

er betre enn å bu i telt med gudlause.

12For Herren vår Gud er sol og skjold,

Herren gjev nåde og ære.

Den som er ærleg i si ferd,

nektar han ikkje noko godt.

13Herre, Allhærs Gud,

sæl er den som set si lit til deg.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help