Filipparane 2 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

1Når det no er trøyst i Kristus, kveik i kjærleiken, samfunn i Anden, og så sant det finst medkjensle og miskunn,

2så gjer mi glede fullkomen: Ver samlyndte, hald saman i kjærleik, ver eitt i hug og tanke.

6Då han var i Guds skapnad,

heldt han det ikkje for eit rov

å vera Gud lik.

7Men han gav avkall på sitt eige,

tok på seg ein tenars skapnad

og vart menneske lik.

I si ferd var han som eit menneske;

8han nedra seg sjølv

og vart lydig til døden,

ja, døden på krossen.

9Difor har Gud storleg opphøgt han

og gjeve han det namn

som er over alle namn,

10så kvart kne skal bøya seg i Jesu namn,

i himmelen, på jorda og under jorda,

11og kvar tunge sanna:

Jesus Kristus er Herre, til Gud Faders ære! Som ljos i verda

12Mine kjære, de var alltid lydige medan eg var hjå dykk. Så ver det endå meir no når eg er borte, og arbeid på dykkar frelse med otte og age. To trufaste medarbeidarar

19Herren Jesus gjev meg den vona at eg snart kan senda Timoteus til dykk, så eg kan få nytt mot når eg får høyra korleis det går med dykk.

25Eg har òg funne det naudsynt å senda Epafroditus attende til dykk. Han er min bror og medarbeidar og medstridande, og var dykkar utsending for å hjelpa meg med det eg trong.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help