Salmane 27 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Herren er mitt ljos og mi frelse

1Av David.

Herren er mitt ljos og mi frelse,

kven skulle eg ottast?

Herren er eit vern for mitt liv,

kven skulle eg skjelva for?

2Når ugjerningsmenn går laus på meg

og vil gløypa meg,

då snåvar og fell dei sjølve,

fiendane som står meg imot.

3Om ein hær vil kringsetja meg,

finst det ikkje redsle i mi sjel.

Går dei til strid imot meg,

er eg likevel trygg.

4Eitt bed eg Herren om,

og det stundar eg etter:

at eg får bu i Herrens hus

alle mine levedagar,

så eg kan sjå hans velvilje

og grunda i hans tempel.

5Han gøymer meg i si hytte

på den vonde dagen.

Han løyner meg i sitt skjermande telt

og tek meg opp på berget.

6No lyfter eg høgt mitt hovud

over mine fiendar rundt ikring meg.

Med jubel vil eg bera fram

takkoffer i Herrens telt

og syngja og spela for han.

*

7Høyr meg, Herre, når eg ropar,

ver meg nådig og svar meg!

8Eg kjem i hug at du har sagt:

«De skal søkja mitt åsyn.»

Herre, eg søkjer ditt åsyn.

9Løyn ikkje ditt andlet for meg!

Vis ikkje din tenar bort i harme,

du som har vore mi hjelp.

Slepp meg ikkje, og forlat meg ikkje,

du Gud som er min frelsar!

10Om far min og mor mi forlèt meg,

vil Herren ta imot meg.

11Herre, lær meg dine vegar,

og før meg på dei rette stigar

for mine fiendar skuld!

12Gjev meg ikkje over til grådige fiendar!

Falske vitne står opp imot meg,

dei frøser og trugar med vald.

13Eg trur for visst at eg skal få sjå

Herrens godhug her i livsens land.

14Venta på Herren, ver frimodig og sterk!

Ja, venta på Herren!

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help