1Som no muren var bygd, og eg hadde sett inn dørene, vart portvaktarane, songarane og levittane sette til yrket sitt.
2Til å stå for styret i Jerusalem sette eg Hanani, bror min, og saman med han Hananja, borghovdingen. For han var ein påliteleg mann og ottast Gud meir enn dei fleste.
3Eg sa til dei: «Portane i Jerusalem skal ikkje opnast før sola står høgt på himmelen; og før sola glader, skal dørene stengjast og låsast. De skal ta nokre av Jerusalems-buane og setja dei til å halda vakt, somme på dei ulike postane og somme utanfor sine eigne hus.»
Folket i Jerusalem4Byen hadde vide grenser, men dei som budde der, var få, og husa var endå ikkje oppattbygde.
5Då gav Gud meg den tanken at eg skulle samla stormennene og forstandarane og alt folket, så dei kunne verta oppskrivne i ættelister. Eg fann boka med listene over dei som fyrst var komne heim, og der stod det skrive:
6Dette er dei mennene frå Judea-distriktet som kom heim att or fangenskapet i framandt land. Nebukadnesar, kongen i Babylonia, førte dei dit, og no er dei komne attende til Jerusalem og Judea, kvar til sin by.
66Dei som høyrde Israels-lyden til, var i alt 42 360,
67forutan trælane og trælkvinnene, som var 7 337 i talet. Det var òg 245 songarar og songarinner.
68Dei hadde 736 hestar, 245 muldyr,
69435 kamelar og 6 720 esel.
70Nokre av ættehovdingane kom med gåver til tempeltenesta. Statthaldaren gav 1 000 gulldrakmar, 50 offerskåler, 30 presteskrud og 500 sølvminer til tempelkassa.
71Andre ættehovdingar la 20 000 gulldrakmar og 2 200 sølvminer i arbeidskassa.
72Resten av folket gav 20 000 gulldrakmar, 2 000 sølvminer og 67 presteskrud.
73Prestane, levittane, portvaktarane og songarane busette seg i byane sine. Det same gjorde nokre av folket, tempeltenarane og alle dei andre israelittane.
Esra les opp lovaDå den sjuande månaden kom, og israelittane budde i byane sine,
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.