1Falsk vekt er ein styggedom for Herren,
men han gleder seg over fullvektige lodd.
2Med hovmod fylgjer skam,
men dei audmjuke har visdom.
3Dei ærlege har si rettvise til førar,
men uærlegdom gjer ende på svikarane.
4Gods gagnar ikkje på vreidedagen,
men rettferd bergar frå døden.
5Rettferd jamnar vegen for ein heidersmann,
den gudlause fell for sin eigen vondskap.
6Dei ærlege vert berga av si rettferd,
svikarar vert fanga av si eiga lyst.
7Når den gudlause døyr, er vona ute,
dei vonde har ikkje noko godt i vente.
8Den rettferdige vert berga or trengsle,
men den gudlause kjem i naud.
9Den gudlause skader sin neste med munnen,
dei rettferdige bergar seg med sitt skjøn.
10Går det godt for dei rettvise, jublar byen,
går dei vonde til grunne, er gleda stor.
11Når dei ærlege velsignar, kjem byen seg opp,
talen åt dei gudlause legg han i røys.
12Tankelaus er den som vanvørder sin neste,
ein vitug mann teier stilt.
13Den som baktalar, spreier løyndomar,
ein påliteleg mann held saka for seg sjølv.
14Eit folk utan klokt styre fell,
når mange gjev gode råd, kan det bergast.
15Den som borgar for ein framand,
får svi for det,
den som nektar å gje handslag, er trygg.
16Ei elskeleg kvinne vinn ære,
dei strevsame samlar seg rikdom.
17Den som er velviljug, har gagn av det,
den som er hardhjarta, skader seg sjølv.
18Den gudlause vinn seg ei sviktande løn,
den som sår rettferd, får ei løn som varer.
19Strev etter rettferd gjev liv,
jag etter vondskap fører til døden.
20Herren har uvilje mot dei som fer med svik,
men godhug for den som er heil i si ferd.
21Ver trygg, den vonde slepp ikkje straff,
men ætta åt dei rettferdige går fri.
22Som ein gullring i eit grisetryne
er ei fager kvinne utan vit.
23Det dei rettferdige ynskjer, fører til lukke,
dei vonde har vreidedomen i vente.
24Éin strøyer ut og får likevel meir,
ein annan er gjerrig og må endå lida naud.
25Den som spreier velsigning, trivst,
den som livar opp andre, vert oppliva sjølv.
26Den som held på kornet, får forbanning av folket,
men velsigning kjem over den som vil selja.
27Den som strevar etter det gode,
søkjer det Herren synest om.
Men den som legg vinn på det vonde,
han får det over seg sjølv.
28Den som lit på sin rikdom, fell,
dei rettferdige er som lauvet når det sprett.
29Den som ikkje steller sitt hus, haustar vind,
dåren må træla for den som er vis.
30Rettferds frukt er som livsens tre,
men valdsferd gjer ende på liv.
31Når ein rettferdig mann får si løn på jorda,
kor mykje meir då ein niding og syndar!
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.