1Til korleiaren. Av David.
Til påminning.
2Gud, kom og fri meg ut!
Herre, skund deg og hjelp meg!
3Lat dei som står meg etter livet,
verta til spott og spe!
Lat dei som ynskjer ulukke over meg,
dra seg tilbake med vanære!
4Dei som ropar spottord,
skal snu om med skam.
5Men lat alle som søkjer deg,
fryda og gleda seg i deg!
Lat dei som elskar di frelse,
alltid få seia: «Stor er Gud!»
6Eg er hjelpelaus og fattig.
Skunda deg til meg, Gud!
Du er min hjelpar og bergingsmann,
dryg ikkje lenger, Herre!
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.