Salmane 109 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Forbanning og velsigning

1Til korleiaren. Av David. Ein salme.

Min Gud, som eg lovsyng, ver ikkje tagal!

2No opnar dei gudlause munnen,

ein svikefull munn, imot meg.

Dei talar til meg med lygnartunge,

3kringset meg med hatefull tale

og strider mot meg utan grunn.

4Til løn for min kjærleik

klagar dei meg; men eg bed.

5Dei løner godt med vondt

og gjev meg hat for min kjærleik.

6Gjev min motstandar over til ein gudlaus,

lat ein klagar stå ved hans høgre side!

7Lat han gå domfelt frå retten,

lat hans bøn verta halden for synd!

8Lat hans levedagar verta få

og ein annan ta hans embete!

9Lat borna hans verta farlause

og kona hans enkje!

10Lat borna flakka ikring og be seg,

gå tiggargang frå øydelagd heim.

11Alt han eig, skal ein ågerkar ta,

framande skal rana frukta av hans strev.

12Ingen skal visa han truskap meir

eller ynkast over hans farlause born.

13Hans etterkomarar skal rydjast ut,

deira namn skal strykast i neste ættled.

14Herren skal minnast hans fedrars skuld,

synda åt mor hans skal ikkje takast bort.

15Herren skal alltid ha dei for auga,

minnet om dei skal rydjast ut frå jorda.

16For han tenkte aldri på å visa truskap,

men forfylgde dei arme og fattige,

og dei motlause ville han drepa.

17Han elska å forbanna

– lat forbanning råka han sjølv!

Han lika ikkje å velsigna

– lat han aldri få velsigning!

18Han tok forbanning på som ein kledning

– lat henne trengja inn i hans kropp som vatn,

i hans bein som olje!

19Lat henne verta som ei kappe han sveiper seg i,

som eit belte han alltid bind om seg!

20Lat dette vera Herrens løn

til dei som klagar meg

og talar vondt imot meg!

21Men, Herre, du min Herre,

gjer vel imot meg for ditt namn skuld!

Berga meg i din godleik og truskap!

22For eg er arm og fattig,

mitt hjarta er såra i min barm.

23Eg kverv som skuggen når dagen hallar;

som ei grashoppe vert eg sopt bort.

24Knea sviktar fordi eg fastar,

min kropp turkar inn fordi han ikkje får olje.

25Eg har vorte til spott for dei,

dei rister på hovudet når dei ser meg.

26Hjelp meg, Herre, min Gud,

frels meg i di miskunn!

27Så skal dei merka di hand bak dette

og skjøna at du har gjort det, Herre.

28Om dei forbannar, velsignar du.

Om dei reiser seg mot meg, vert dei til skammar,

og din tenar kan gleda seg.

29Lat mine fiendar kle seg i vanære

og sveipa seg i skam som i ei kappe!

30Så vil eg takka Herren med lovsong,

midt i mengda vil eg prisa han.

31For han står attmed den fattige,

vil hjelpa han mot dei so m dømer han.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help