1Når kongen råder med rettferd,
og stormenn styrer med rett,
2då vert kvar av dei som ei livd mot vinden
og som eit skjol mot styrtregn,
som rennande bekker i turt land,
som skuggen av eit mektig fjell
på jord som tyrstar etter vatn.
3Dei som har augo å sjå med,
skal ikkje vera blinde,
og dei som har øyro å høyra med,
skal lyda etter.
4Dei som ikkje tenkjer seg om,
skal læra å skjøna;
dei stamme skal tala lett og klårt.
5Dåren skal ikkje lenger kallast gjæv
og skarven ikkje ein adelsmann.
6For ein dåre talar dårskap,
i sitt hjarta legg han vonde planar:
Han vil gjera gudlaus gjerning,
tala vilt og vrangt mot Herren,
la den sveltande sakna mat
og den tyrstande vanta drikke.
7Skarvens våpen er vonde,
han legg skamlege planar.
Han vil skada dei hjelpelause med lygn,
og dei fattige om dei hevdar sin rett.
8Men gjæv mann legg gjæve planar,
han står fast på det som er gjævt.
Sorg og klage før frelsestida kjem9De sorglause kvinner, stå opp, høyr mi røyst!
De trygge døtrer, vend øyra til min tale!
10År etter år skal de skjelva, de trygge;
for vinhausten slår feil,
og det kjem ingen frukthaust.
11Skjelv, de sorglause kvinner,
ja, skjelv av redsle, de trygge!
Kled dykk nakne,
bind syrgjeplagg om hoftene!
12Slå dykk for bringa, lat klagerop lyda
over fagre marker og gode vintre,
13over åkrane åt folket mitt,
der torn og tistel skyt opp,
ja, over kvar lukkeleg heim
i den jublande byen!
14For slottet ligg tomt,
og den ståkande hopen er borte frå byen.
Haugen og vakttårnet har for alltid
vorte til opne marker,
der villesel gler seg
og buskapar beiter.
15Så skal det vera
til ånd frå det høge vert utrend over oss.
Då skal øydemarka verta frukthage,
og frukthagen skal reknast for skog.
16Rett skal bu i øydemarka
og rettferd i det grøderike landet.
17Rettferda skal koma med fred,
og rettferds frukt er evig ro og tryggleik.
18Mitt folk skal bu i eit fredeleg land,
i trygge heimar, der dei sorglaust kan kvila.
19Skogen skal fellast og falla,
byen skal siga i røys.
20Sæle er de som sår attmed alle bekker,
som lèt okse og esel gå fritt ikring!
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.