Markus 6 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Jesus vert avvist på heimstaden sin(Matt 13,53–58; Luk 4,16–30)

1Sidan gjekk han derifrå og kom til heimstaden sin, og læresveinane fylgde han.

2Då sabbaten kom, tok han til å læra i synagoga. Alle som høyrde han, var fulle av undring og sa: «Kvar har han dette frå? Kva er det for ein visdom han har fått? Og slike mektige gjerningar som han gjer!

3Er ikkje dette tømmermannen, son til Maria og bror til Jakob og Joses og Judas og Simon? Og bur ikkje systrene hans her hjå oss?» Og dei støytte seg på han.

12Så gjekk dei ut og forkynte for folket at dei skulle venda om.

13Dei dreiv ut mange vonde ånder og salva mange sjuke med olje og lækte dei.Herodes og døyparen Johannes(Matt 14,1–12; Luk 9,7–9; 3,19–20)

14Kong Herodes fekk òg høyra om Jesus, for no var namnet hans vide kjent. Somme sa: «Døyparen Johannes har stått opp frå dei døde; difor er desse kreftene verksame i han.»

15Andre sa: «Det er Elia,» og endå andre: «Det er ein profet, som ein av dei gamle profetane.»

35Men då det leid langt på dag, kom læresveinane til han og sa: «Det er audt her, og dagen lid.

36Send folket frå deg, så dei kan gå bort i gardane og landsbyane her ikring og kjøpa seg mat!»

37«Gjev de dei mat!» svara Jesus. Dei sa: «Skal vi kanskje gå og kjøpa brød for to hundre denarar, så dei kan få seg mat?»

38«Kor mange brød har de?» spurde han. «Gå og sjå etter!» Då dei hadde gjort det, sa dei: «Fem brød og to fiskar.»

39Då sa han at dei skulle la alle setja seg ned i flokkar i det grøne graset.

40Og dei slo seg ned i flokkar, somme på hundre og somme på femti.

41Så tok Jesus dei fem brøda og dei to fiskane, såg opp mot himmelen og bad takkebøna. Og han braut brødet og gav det til læresveinane; dei skulle dela det ut til folket. Dei to fiskane delte han òg ut, så alle fekk.

42Og alle åt og vart mette.

43Etterpå samla dei opp det som var att av brøda og fiskane, og det vart tolv fulle korger.

44Det var fem tusen mann som hadde ete.

Jesus går på vatnet(Matt 14,22–33; Joh 6,16–21)

45Straks etter fekk Jesus læresveinane til å gå i båten og fara føre over til hi sida, til Betsaida, medan han bad farvel med folket.

46Då han hadde gjort det, gjekk han opp i fjellet og ville be.

47Då kvelden kom, var båten midt ute på sjøen, og Jesus var åleine på land.

48Han såg at dei sleit og rodde tungt, for dei hadde vinden imot seg. Og i den fjerde nattevakta kom han gåande mot dei på sjøen. Han ville gå framom,

49men då dei såg han gå på vatnet, trudde dei at det var eit skrømt, og skreik høgt,

50for dei såg han alle, og dei vart redde. Men i det same tala Jesus til dei: «Ver frimodige, det er eg. Ver ikkje redde!»

51Så steig han opp i båten til dei, og vinden stilna. Men dei var reint ifrå seg av undring. Sjuke vert borne til Jesus(Matt 14,34–36)

53Då dei hadde fare over sjøen, kom dei til Gennesaret og la til lands der.

54Med det same dei steig ut or båten, kjende folk han att;

55og dei sprang rundt i heile grannelaget og tok til å bera dei sjuke på bårer dit dei høyrde at han var.

56Og kvar han kom, til landsbyar, byar eller grender, sette folk dei sjuke ut på torget. Og dei bad om at dei måtte få ta om så berre i kanten på kappa hans. Og alle som tok i han, vart friske.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help