Jesaja 34 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Domen over Edom

1Kom hit og høyr, de folkeslag,

lyd etter, de folkeætter!

Jorda og alt som fyller henne, skal høyra,

jordheimen og alt som lever der.

2For Herren er harm på alle folk,

han er vreid på heile deira hær.

Han har bannstøytt dei

og gjeve dei til slakting.

3Dei drepne vert slengde til sides;

teven stig frå lika,

og blodet renn på fjella.

4Heile himmelhæren går i oppløysing,

himmelen vert ihoprulla som ein bokrull.

Heile hans hær skal visna

som lauvet på vintreet visnar,

og frukta på fikentreet turkar inn.

5Når sverdet mitt har sløkt

sin torste på himmelen,

då fer det ned over Edom,

det folk eg har bannlyst og dømt.

6Herrens sverd er fullt av blod,

det er metta med feitt,

med blod av lam og bukkar,

med nyrefeitt av verar.

For Herren held offerslakting i Bosra,

ei stor nedslakting i Edom.

7Saman med folket skal villoksar falla,

unge stutar og sterke oksar.

Landet skal drikka seg utyrst av blod

og jorda gjødslast med feitt.

8For det er ein hemnardag for Herren,

eit attergjeldsår i striden for Sion.

9Bekkene i Edom skal verta til bek

og molda til svovel;

ja, landet skal verta til brennande bek.

10Korkje dag eller natt skal det slokna,

evig skal røyken stiga frå det.

Frå ætt til ætt skal landet liggja audt,

aldri skal nokon fara igjennom det.

11Pelikan og hegre skal ta det i eige,

ugle og ramn skal bu i det.

Herren strekkjer mælesnor og lodd

ut over landet,

og det vert audt og snautt.

12Det finst ikkje stormenn der,

og ingen som kan ropast ut til konge;

det er ute med alle hovdingar.

13I slotta veks klunger,

i borgene nesle og tistel.

Landet vert ein heim for sjakalar,

ein tilhaldsstad for strutsar.

14Ville hundar og ørkendyr møtest,

raggetroll ropar til kvarandre.

Der slår Lilit seg òg til ro

og finn seg ein kvilestad.

15Der byggjer pilormen bol og legg egg,

han rugar og klekkjer dei ut i skuggen.

Der samlast gribbane med kvarandre.

16Sjå etter i Herrens bok og les!

Ikkje eitt av desse dyra skal vanta,

ingen av dei skal sakna dei andre.

For påbodet kjem frå Herrens munn,

det er hans Ande som samlar dei.

17Sjølv har han kasta lodd for dei;

med mælesnor i si hand

skifter han ut landet.

Dei skal ta det i eige for alle tider

og bu der frå ætt til ætt.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help