2. Kongebok 4 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Elisja hjelper ei enkje

1Ei kvinne som hadde vore gift med ein av profetsveinane, ropa ein gong til Elisja: «Mannen min, som var tenaren din, er død. Du veit at han var ein mann som hadde age for Herren. Men no kjem ein som han stod i skuld til, og vil ta begge sønene mine til trælar.»

2Elisja sa til henne: «Kva kan eg gjera for deg? Sei meg kva du har i huset!» Ho svara: «Tenestkvinna di har ikkje anna i huset enn ei krus med olje.» Elisja og kvinna frå Sjunem

8Ein dag gjekk Elisja over til Sjunem. Der var det ei velståande kvinne som nøydde han til å eta hjå seg. Og sidan tok han inn der og fekk seg mat kvar gong han fór den vegen.

17Kvinna vart med barn, og året etter, på same tid, fekk ho ein son, som Elisja hadde sagt henne.

18Då guten voks opp, hende det ein dag at han gjekk ut til far sin, som arbeidde saman med onnefolket.

19Best det var, sa han til faren: «Å, eg har så vondt i hovudet!» Då sa faren til gardsguten: «Ber han heim til mor hans!»

20Gardsguten lyfte han opp og bar han heim til mora, og guten sat på fanget hennar til middag; då døydde han.

21Ho gjekk opp og la han på senga til gudsmannen. Så stengde ho døra og gjekk ut.

22Kona ropa på mannen sin og sa: «Send ein av tenestgutane til meg med eit esel! Eg skal skunda meg til gudsmannen, og så kjem eg att.»

23Han spurde: «Kvifor vil du fara dit i dag? Det er då korkje nymånedag eller sabbat.» Ho svara: «Lat meg fara likevel!»

24Så sala ho eselet og sa til tenestguten: «Driv det av garde, og stogga meg ikkje medan eg rid, utan at eg bed deg om det.»

25Så tok kvinna i veg og kom til gudsmannen på Karmel-fjellet. Då han såg henne langt borte, sa han til Gehasi, tenaren sin: «Sjå, der kjem kvinna frå Sjunem!

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help