2. Mosebok 38 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Brennofferaltaret og vaskekaret

1Brennofferaltaret laga han av akasietre. Det var fem alner langt, fem alner breitt, firkanta og tre alner høgt. Føregarden

9Så laga han føregarden. På sørsida av føregarden laga han omheng av fint, tvinna lingarn, i ei lengd av hundre alner.

22Besalel, son til Uri Hursson, av Juda-ætta, hadde gjort alt det som Herren hadde sagt til Moses, 31,2ff+

23og saman med han Oholiab, son til Akisamak, av Dans-ætta, som var ein meister i utskjering, kunstvevnad og mangleta vevnad med fiolett, purpurraudt og karmosinraudt ullgarn og fint lingarn.

24Alt gullet som vart bruka til arbeidet med å gjera heilagdomen ferdig, og som var gjeve i offergåve, var 29 talentar og 730 sekel etter den vekt dei nyttar i heilagdomen.

25Og sølvet som kom inn då dei heldt manntal over lyden, var 100 talentar og 1 775 sekel etter heilag vekt, 30,12ff; 4 Mos 1,46

26ein beka eller ein halv sekel etter heilag vekt for kvar einskild som kom med i manntalet, frå tjueårsalderen og oppetter, og det var 603 550 mann.

27Dei hundre talentane med sølv vart bruka til å støypa fotstykka til heilagdomen og til forhenget, hundre talentar til hundre fotstykke, ein talent til kvart fotstykke.

28Og dei 1 775 sekel bruka dei til hakane på stolpane, til å kle stolpehovuda og til stengene som skulle binda stolpane i hop.

29Bronsen som vart gjeven i offergåve, var 70 talentar og 2 400 sekel.

30Av den laga dei fotstykka til møteteltdøra og bronsealtaret med bronsegitteret som høyrde til, og alle reiskapane til altaret,

31fotstykka som skulle vera kring føregarden, føregardsporten, alle pluggane til teltet og alle pluggane til føregarden, heilt rundt.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help