Job 25 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Gud har velde og valdar redsle

1Då tok Bildad frå Sjuah til ords og sa:

2Gud har velde og valdar redsle,

han skaper fred i sin høge himmel.

3Kan nokon telja hans fylkingar?

Får ikkje alle sitt ljos frå han?

4Kan eit menneske vera rettferdig for Gud,

kan den som er fødd av ei kvinne, vera rein?

5Jamvel månen skin ikkje klårt nok for han,

i hans augo er ikkje stjernene reine.

6Kor mykje mindre då menneskekrypet,

mannen – den makken han er?

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help