1Abraham tok seg ei kone att; ho heitte Ketura.
2Med henne fekk han sønene Simran, Joksjan, Medan, Midjan, Jisjbak og Sjuah. Ismael-ætta
12Dette er ættetavla åt Ismael, den sonen som Abraham fekk med Hagar frå Egypt, trælkvinna hennar Sara. Esau og Jakob vert fødde
19Dette er soga om ætta åt Isak, son til Abraham. Abraham fekk sonen Isak.
20Isak var førti år gamal då han gifte seg med Rebekka, dotter til aramearen Betuel frå Mesopotamia, og syster til aramearen Laban.
«To folkeslag er det i livet ditt,
to folk skal skiljast alt frå mors liv.
Det eine vert sterkare enn det andre,
den eldste skal tena den yngste.»
24Då tida kom at ho skulle føda, sjå, då var det tvillingar i livet hennar.
25Den som kom fyrst, var raud, og loden som ein fell over heile kroppen. Han kalla dei Esau.
26Så kom broren; og han heldt Esau i hælen med handa. Difor kalla dei han Jakob. Isak var seksti år gamal då dei vart fødde.Esau og Jakob
27Då gutane voks opp, vart Esau ein glup jeger, som heldt til i skog og mark. Jakob var ein fredeleg kar, som budde i telt.
28Isak heldt mest av Esau, for han ville gjerne ha vilt; men Rebekka var gladast i Jakob.
29Ein gong heldt Jakob på å koka ein velling. Då kom Esau heim frå marka, trøytt og svolten.
30Han sa til Jakob: «Lat meg få setja til livs noko av det raude du har der; eg er heilt utmødd.» Difor kalla dei han Edom.
31Men Jakob sa: «Du må fyrst selja meg odelsretten din!»
32Esau svara: «Du ser eg held på å døy av svolt! Kva skal eg då med odelsretten?»
33Jakob sa: «Gjer fyrst eiden på det!» Så gjorde han eiden og selde odelsretten sin til Jakob. Hebr 12,16
34Jakob gav han då brød og linsevelling, og han åt og drakk. Etter måltidet reiste han seg og gjekk sin veg. Så lite brydde Esau seg om odelsretten.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.