5. Mosebok 6 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Høyr, Israel!

1Dette er dei bod, føresegner og domar som Herren dykkar Gud sa at eg skulle læra dykk, og som de skal leva etter i det landet de er på veg til og skal leggja under dykk.

2Du skal ottast Herren din Gud så lenge du lever, og halda alle føresegnene og boda hans som eg gjev deg, både du og son din og soneson din, så du kan få eit langt liv.

4Høyr, Israel! Herren er vår Gud, Herren er éin.

10No vil Herren din Gud føra deg inn i det landet som han med eid lova fedrane dine, Abraham, Isak og Jakob, at han ville gje deg. Der er det store, fine byar som du ikkje har bygt,

11hus fulle av alle gode ting som du ikkje har samla, utgravne brunnar som du ikkje har grave, vingardar og oliventre som du ikkje har planta. Når du kjem dit og får eta deg mett, Herren din Gud skal du ottast og tena

13Herren din Gud skal du ottast, han skal du tena, og ved hans namn skal du sverja.

16De skal ikkje setja Herren dykkar Gud på prøve, så som de gjorde ved Massa.

20Når son din sidan spør deg korleis det har seg med dei bod, føresegner og domar som Herren vår Gud har gjeve dykk,

21skal du svara: «Vi var trælar hjå farao i Egypt, men Herren førte oss ut or Egypt med sterk hand.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help