5. Mosebok 12 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Herren vel ut ein bustad åt namnet sitt

1Dette er dei føresegner og bod som de skal leggja vinn på å leva etter i det landet Herren, dine fedrars Gud, gjev deg til eigedom, så lenge de lever i landet.

2De skal øydeleggja alle stadene der dei dyrkar gudane sine, dei folka som de driv bort, på høge fjell og haugar og under kvart grønt tre.

3De skal riva ned altara deira, slå sund steinstøttene, brenna opp Asjera-pålane, hogga ned gudebileta og rydja ut namna deira frå desse stadene.

4Når de dyrkar Herren dykkar Gud, skal de ikkje gjera det på den måten.

5Men de skal søkja til den staden Herren dykkar Gud vel ut mellom alle ættene dykkar, der han vil la namnet sitt bu. Dit skal du koma.

12De skal gleda dykk for Herren dykkar Guds åsyn, de og sønene og døtrene dykkar, trælane og trælkvinnene dykkar og levittane som bur i byane dykkar, for dei har ingen arv og del saman med dykk.

13Ta deg i vare så du ikkje ber fram brennoffera dine på kvar heilag stad du ser.

14Berre på den staden Herren vel seg ut i ei av ættene dine, skal du bera fram brennoffera dine, og der skal du gjera alt det eg byd deg.

15Elles kan du slakta og eta kjøt så mykje du har hug til i alle byane dine, etter som Herren din Gud gjev deg signing til. Både ureine og reine kan eta det, liksom dei et kjøtet av gasell og hjort.

17Heime i byane dine må du ikkje eta tienda av kornet ditt, vinen din eller oljen din, heller ikkje det som er fyrstefødt av storfeet og småfeet ditt, eller noko av lovnadsoffera og dei friviljuge offera du gjev, og avgiftene du ber fram.

18Men du skal eta det for Herren din Guds åsyn, på den staden han vel seg ut, du og son din og dotter di, trælen din og trælkvinna di og levittane som bur i byane dine, og du skal gleda deg for Herren din Guds åsyn over alt det du har vunne med arbeidet ditt.

20Når Herren din Gud vidar ut grensene dine, så som han har lova deg, og du seier: «Eg vil eta kjøt,» fordi du har hug på det, kan du eta kjøt så mykje du vil.

21Har du lang veg til den staden Herren din Gud vel ut til bustad åt namnet sitt, kan du gjera som eg har sagt deg, du kan slakta av storfeet og småfeet ditt som Herren gjev deg, og eta av det heime hjå deg sjølv så mykje du har hug på.

22Men et det som du et kjøtet av gasell og hjort! Både ureine og reine kan eta av det.

23Hald deg berre frå å eta blodet! For blodet er livet, og du må ikkje eta livet saman med kjøtet. 3 Mos 17,10f

24Et ikkje blodet, men slå det ut på marka som vatn!

25Et du det ikkje, skal det gå deg og borna dine vel, for då gjer du det som rett er i Herrens augo.

26Men dei heilage gåvene som du vil gje, og lovnadsoffera skal du ta med deg til den staden Herren vel seg ut.

27Brennoffera dine, både kjøtet og blodet, skal du leggja på altaret åt Herren din Gud. Av slaktoffera skal blodet hellast ut på altaret åt Herren din Gud, men kjøtet kan du eta.

28Legg vinn på å lyda alle desse boda som eg gjev deg! Då skal det alltid gå deg og borna dine vel, for då gjer du det som godt og rett er i augo åt Herren din Gud.

29Herren din Gud vil rydja ut for deg dei folkeslaga som du no går imot og driv bort. Når du har drive dei bort og busett deg i landet deira,

30sjå då til at du ikkje lèt deg lokka til å fylgja i fotefaret deira etter at dei har vorte utrudde for di skuld. Du skal ikkje spørja etter gudane deira og seia: «Korleis dyrka desse folka gudane sine? Eg vil gjera som dei.» 18,9ff; Jos 23,7; Dom 2,3

31Når du dyrkar Herren din Gud, skal du ikkje fara åt som dei. Alt det Herren skyr og hatar, det gjer dei for gudane sine. Jamvel sønene og døtrene sine brenner dei for gudane sine. 3 Mos 18,21

32Alle dei bod eg gjev dykk, skal de leggja vinn på å leva etter. Du skal ikkje leggja noko til og ikkje ta noko ifrå.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help