1Til korleiaren. «Øydelegg ikkje!» Ein miktam av David, då Saul sende folk som skulle vakta på huset og freista drepa han.
2Fri meg, Gud, frå mine fiendar,
vern meg mot dei som reiser seg mot meg!
3Fri meg frå folk som fer med vondskap,
og frels meg frå drapsmenn!
4For sjå, dei ligg og lurer på meg,
sterke menn går til strid imot meg.
Utan at eg har forbrote meg, Herre,
5utan at eg har synd eller skuld,
stormar dei fram og fylkar seg til strid.
Vakna, kom til meg og sjå!
6Herre, Allhærs Gud,
du er då Israels Gud.
Vakna og krev alle folk til rekneskap,
ver ikkje nådig mot trulause nidingar! Sela
7Dei kjem att kvar kveld;
dei hyler som hundar
og fer ikring i byen.
8Høyr, kor dei brukar munn,
lippene deira er som sverd.
Er det nokon som høyrer?
9Men du, Herre, ler åt dei,
du spottar alle folkeslag.
10Eg vil akta på deg, min styrke;
Gud er mi faste borg.
11Min Gud møter meg med si miskunn,
han lèt meg sjå at mine fiendar fell.
12Drep dei ikkje,
så mitt folk ikkje gløymer det!
Bruk makt, så dei må flakka ikring,
og støyt dei ned, Herre, du vårt skjold!
13Kvart ord dei tek i sin munn, er synd.
Lat dei fangast i sitt eige hovmod
fordi dei fer med forbanning og lygn.
14Gjer ende på dei i din harme,
gjer ende på dei, så dei vert til inkjes.
Då skal folket skjøna
at det er Gud som rår i Jakob,
ja, radt til heimsens ende. Sela
15Dei kjem att kvar kveld;
dei hyler som hundar
og fer ikring i byen.
16Dei flakkar om, vil finna mat,
og knurrar når dei ikkje vert mette.
17Men eg vil syngja om di makt
og jubla kvar morgon over din truskap.
For meg har du vorte ei borg,
ei tilflukt den dag eg er i naud.
18Eg vil syngja for deg, min styrke;
for Gud er mi faste borg,
min Gud som viser miskunn.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.