1Halleluja!
Pris Herren, for han er god,
hans miskunn varer til evig tid.
2Kven kan rekna opp Herrens storverk
og prisa han for alt han har gjort?
3Sæle er dei som gjev akt på Guds vilje
og alltid gjer det som er rett.
4Herre, kom meg i hug og lat meg få kjenna
den godhug du har for ditt folk.
Kom til meg med di frelse,
5så eg kan sjå kor godt det går dine utvalde,
gleda meg med ditt glade folk
og prisa meg lukkeleg
saman med dei som høyrer deg til.
6Vi har synda med våre fedrar,
vi har bore oss ille åt og levt ugudeleg.
7Då våre fedrar var i Egypt,
gav dei ikkje akt på dine under.
Dei tenkte ikkje på alle dine velgjerningar,
ved Sevsjøen trassa dei deg.
8Men han frelste dei for sitt namn skuld,
for han ville visa si veldige kraft.
9Han truga Sevsjøen, så han vart turr;
gjennom havdjupet førte han dei som på steppa.
10Han frelste dei frå uveners vald
og fria dei ut or fiendehand.
11Vatnet gøymde deira motstandarar,
ikkje ein av dei vart att.
12Då trudde dei på hans ord
og song ein lovsong til hans pris.
13Men dei gløymde snart hans verk
og venta ikkje på råd frå han.
14Dei vart fylte med brennande lyst i øydemarka
og sette Gud på prøve i det aude landet.
15Då lét han dei få det dei kravde,
men gav dei avsmak på maten.
16Dei vart harme på Moses i leiren
og på Aron, som var vigsla til Herren.
17Då opna jorda seg, gløypte Datan
og gøymde flokken åt Abiram.
18Det braut ut eld i flokken deira,
og logen øydde dei gudlause menn.
19Ved Horeb laga dei ein kalv
og tilbad det støypte biletet.
20Dei bytte bort si ære i eit bilete
av ein okse som et gras.
21Dei gløymde Gud, sin frelsar,
som gjorde storverk i Egypt,
22undergjerningar i hamittarlandet
og skræmelege ting ved Sevsjøen.
23Han sa at han ville rydja dei ut,
men Moses, den mannen han hadde kåra,
la seg imellom og hindra
at Gud i sin harme gjorde ende på dei.
24Dei vanvørde det fagre landet
og trudde ikkje på hans ord.
25Misnøgde murra dei i sine telt
og høyrde ikkje på Herrens røyst.
26Då lyfte han handa imot dei,
ville slå dei ned i øydemarka,
27spreia deira ætt mellom andre folk
og strøya dei ut kring i landa.
28Dei tok til å dyrka Ba'al-Peor
og åt av offera til dei døde.
29Dei krenkte Gud med si åtferd,
og pest braut ut imellom dei.
30Då stod Pinhas fram og felte dom,
og dermed stogga pesten.
31Difor vart han rekna for rettferdig
frå ætt til ætt i alle tider.
32Dei harma Gud ved Meriba-kjelda;
for deira skuld gjekk det Moses ille.
33Dei gjorde han beisk i hug,
så han tala utan å tenkja seg om.
34Dei rudde ikkje ut folka i landet,
som Herren hadde sagt dei føre,
35men blanda seg med andre folk
og lærte å gjera som dei.
36Dei dyrka deira avgudsbilete,
og dei vart ei snare for dei.
37Dei ofra sine søner og døtrer
til dei vonde åndene.
38Dei drap uskyldige born.
Blodet av sine søner og døtrer
ofra dei til Kanaans gudebilete,
og landet vart vanhelga med blod.
39Dei vart ureine ved sine gjerningar,
ved si åtferd var dei trulause mot Gud.
40Då vart Herren brennande harm på sitt folk,
han fekk uvilje mot dei som høyrde han til.
41Han gav dei i hendene på andre folk,
dei som hata dei, vart deira herrar.
42Fiendane plaga dei hardt,
under deira hand vart dei tvinga i kne.
43Mange gonger fria han dei ut;
likevel la dei planar i trass
og sokk djupt i synd.
44Men Herren høyrde deira rop
og såg til dei i deira naud.
45Han kom i hug si pakt med dei
og ynkast over dei i sin store truskap.
46Så lét han dei møta miskunn
hjå alle som tok dei til fange.
47Frels oss, Herre, vår Gud,
samla oss frå folkeslaga,
så vi kan prisa ditt heilage namn
og setja vår ære i å lovsyngja deg.
48Lova vere Herren, Israels Gud,
frå æve til æve!
Og heile folket skal seia: Amen!
Halleluja!
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.