1Fem dagar etter kom øvstepresten Ananias dit saman med nokre av dei eldste og ein sakførar som heitte Tertullus. Dei skulle leggja klagemålet mot Paulus fram for landshovdingen.
22Feliks visste vel korleis det hadde seg med «vegen». Difor sette han ut saka og sa: «Når kommandanten Lysias kjem, skal eg ta saka opp til doms.»
24Nokre dagar seinare kom Feliks i lag med Drusilla, kona si, som var ei jødisk kvinne. Han sende bod etter Paulus, og høyrde på medan han tala om trua på Jesus Kristus.
25Men då han tala om rettferd og fråhald og om domen som skal koma, vart Feliks skræmd og sa: «Det er nok for i dag. Gå no! Når eg får tid, skal eg kalla deg hit att.»
26Feliks gjorde seg òg von om å få pengar av Paulus. Difor sende han gong på gong bod etter han og samtala med han.
27Så gjekk det to år, og Feliks fekk Porkius Festus til ettermann. Men då Feliks gjerne ville vinna godhug hjå jødane, lét han Paulus etter seg i fengslet.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.