1Gjev de ville tola eit grann dårskap av meg! Ja, de får tola det!
2For eg brenn av omsut for dykk, som Gud sjølv. Eg har trulova dykk med Kristus, og berre med han, så eg kan føra dykk fram for han som ei rein møy.
7Gjorde eg kanskje ei synd då eg forkynte dykk Guds evangelium for inkje og med det audmykte meg sjølv, så de kunne verta opphøgde?
25Tre gonger vart eg piska, ein gong steina, tre gonger leid eg skipbrot, og ein gong dreiv eg eit heilt døger ikring på havet. Apg 16,22; 14,19
26Ofte var eg på ferder, i fare på elvar, i fare mellom røvarar, i fare mellom landsmenn, i fare mellom utlendingar, i fare i byar, i fare i øydemark, i fare på hav, i fare mellom falske brør, Apg 9,23; 14,5; 20,3; 27,9f
27i slit og strev, ofte i nattevòke, i svolt og torste, ofte fastande og utan klede i kulden. 6,5
28Attåt alt det andre har eg det som dagleg ligg på meg, omsuta for alle kyrkjelydane.
29Kven er veik utan at eg òg vert veik? Kven fell utan at det brenn i meg? Rom 9,2f; 1 Kor 9,22
30Om eg endeleg skal rosa meg, vil eg rosa meg av mi vanmakt. 12,5
31Gud og vår Herre Jesu Far som er høglova i all æve, han veit at eg ikkje lyg!
32I Damaskus sette landshovdingen til kong Aretas ut vakter fordi han ville gripa meg. Apg 9,23ff
33Men eg vart firt ned i ei korg frå ei luke i bymuren og slapp ut or hendene hans.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.