1Soga åt Nehemja, son til Hakalja:
I det tjuande året, i kislev månad, medan eg var i Susa-borga, 2,1
2kom Hanani, ein av frendane mine, og nokre andre menn frå Juda. Eg spurde dei då korleis det stod til med dei jødane som hadde vore i fangenskap, men no var heimkomne, og korleis det stod til i Jerusalem.
3Dei svara: «Dei som slapp ut or fangenskapet, og som no bur der i landet, lever i stor naud og vanære. Muren kring Jerusalem er nedriven, og portane er brende.» 2 Krøn 36,19
4Då eg høyrde dette, sette eg meg ned og gret. Eg syrgde i fleire dagar og fasta og bad til Gud i himmelen.
5Eg sa: Å Herre, Gud i himmelen, du store og agelege Gud, du som held di pakt og gjer vel mot dei som elskar deg og held dine bod! 2 Mos 20,5f+
6Lat øyra ditt vera grannhøyrt og augo dine opne, så du høyrer bøna åt tenaren din, den som eg bed til deg både dag og natt for israelittane, tenarane dine. Eg sannar dei synder som vi israelittar har gjort mot deg. Både eg og farsætta mi har synda.
7Vi har bore oss ille åt mot deg og ikkje halde dei bod og føresegner og lover som du gav Moses, tenaren din.
8Kom i hug det ordet du tala til Moses, tenaren din, då du sa: «Er de trulause, vil eg spreia dykk mellom folka. 3 Mos 26,27.33.40.45; 5 Mos 4,27f; 28,64; 30,1f
9Men vender de om til meg og held boda mine og lever etter dei, då skal eg samla dykk, om de så er bortdrivne til verdsens ende, og føra dykk til den staden eg har valt til bustad åt namnet mitt.» 5 Mos 12,11
10Dei er då tenarane dine og folket ditt, som du har fria ut med di store kraft og di sterke hand.
11Å Herre, høyr bøna åt tenaren din og tenarane dine, som gjerne vil ottast namnet ditt. Lat tenaren din ha lukka med seg i dag, og lat meg møta miskunn hjå denne mannen!
Då dette hende, var eg munnskjenkjar hjå kongen.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.