5. Mosebok 11 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

1Så elska då Herren din Gud og retta deg alltid etter det han har fastsett, føresegnene, domane og boda hans!

De har sett Herrens storverk

2Borna dykkar har ikkje kjent og ikkje sett korleis Herren dykkar Gud har tukta og rettleitt dykk. Men de kjenner i dag hans velde, hans sterke hand og strake arm,

3dei teikn og gjerningar han gjorde i Egypt mot farao, egyptarkongen, og heile landet hans; Eit land som Herren har omsut for

8Så hald då alle dei boda eg gjev dykk i dag! Då skal de verta sterke og koma og ta det landet de er på veg til og skal leggja under dykk.

9Og de skal få leva lenge på den jorda som Herren svor at han ville gje fedrane dykkar og etterkomarane deira, eit land som fløymer med mjølk og honning.

10Det landet du no går inn i og legg under deg, er ikkje likt Egyptarlandet, som de fór ifrå. Der laut du, liksom i ein grønsakhage, bruka foten når jorda skulle vatnast, kvar gong du hadde sått.

11Men det landet de no fer over til og skal ta i eige, er eit land med fjell og dalar, som får si væte av regnet frå himmelen.

12Det er eit land som Herren din Gud har omsut for, og alltid kviler augo hans på det, frå året byrjar til det endar.

13Dersom de lyder dei boda som eg gjev dykk i dag, og elskar Herren dykkar Gud og tener han av heile dykkar hjarta og heile dykkar hug,

18Så legg dykk då desse orda mine på hjarta og minne! Bind dei på handa til merke og ber dei på panna som ein minnesetel!

26Sjå, i dag legg eg fram for dykk velsigning og forbanning:

31No skal de gå over Jordan og inn i det landet som Herren dykkar Gud vil gje dykk, og leggja det under dykk. Når de har teke det og busett dykk der,

32sjå då til at de lever etter alle dei føresegner og bod som eg legg fram for dykk i dag.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help