1Til korleiaren. Ein læresalme.
Av Korah-songarane.
2Liksom hjorten stundar
etter rennande bekker,
såleis stundar mi sjel
etter deg, min Gud.
3Mi sjel tyrstar etter Gud,
etter den levande Gud.
Når skal eg få koma
og stiga fram for hans åsyn?
4Mine tårer har vorte min mat
både dag og natt.
Dagen lang kjem folk og seier:
«Kvar er no din Gud?»
5Eg vil letta mi sjel
og tenkja på det som var:
at eg gjekk fram i det store fylgjet,
drog i festtog til Guds hus
med jubelrop og takkesong
– ein pilegrimsskare i fest.
6Kvifor er du full av uro, mi sjel,
kvifor stormar det i meg?
Vent på Gud! For endå ein gong
skal eg takka han, min frelsar og min Gud.
7Mi sjel er full av uro;
difor kjem eg deg i hug
frå Jordan-landet og Hermon-fjellet,
ja, frå Misar-berget òg.
8Havdjup ropar til havdjup,
og dine fossar durar.
Alle dine brot og bylgjer
slår no over meg.
9Gjev Herren må senda si miskunn om dagen
og eg få syngja hans pris om natta;
eg bed til mitt livs Gud.
10No seier eg til Gud, mitt berg:
«Kvifor har du gløymt meg,
kvifor må eg gå og syrgja,
medan fienden plagar meg?»
11Det går meg gjennom merg og bein
når mine fiendar spottar meg,
når dei seier til meg dagen lang:
«Kvar er no din Gud?»
12Kvifor er du full av uro, mi sjel,
kvifor stormar det i meg?
Vent på Gud! For endå ein gong
skal eg takka han, min frelsar og min Gud.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.