Mika 3 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Mot dei griske hovdingane

1Eg sa: Høyr,

de Jakobs hovdingar,

de styresmenn i Israel!

Skulle ikkje de vita

kva som er lov og rett?

2Men de hatar det gode

og elskar det vonde.

De flår skinnet av folk

og riv kjøtet av knokane.

3Dei et kjøtet av folket mitt,

flår skinnet av og knuser beina deira.

Dei breier det ut som i ei gryte,

som kjøtet i ein kjel.

4Når dei så ropar til Herren,

svarar han ikkje.

Han løyner sitt åsyn for dei

for deira vonde åtferd skuld. Mot dei falske profetane

5Så seier Herren om dei profetane

som fører folket mitt vilt,

som forkynner fred og lukke

berre dei får noko å tyggja på,

men lyser heilag krig mot dei

som ikkje gjev dei munnen full:

6Difor skal det koma over dykk

ei natt utan syner

og mørker utan spådom.

Sola skal gå ned for profetane

og dagen svartna ikring dei.

7Då skal sjåarane verta til skammar,

spåmennene stå der med vanære.

Dei skal løyna skjegget, alle saman,

for det kjem ikkje svar ifrå Gud.

8Men eg, eg er full av styrke,

av Herrens Ande, av rett og kraft,

så eg kan tala til Jakob om hans brot,

til Israel om hans synd. Jerusalem og templet skal falla

9Høyr dette, de hovdingar i Jakobs ætt,

de styresmenn i Israel,

de som styggjest ved rettferd

og krøkjer det som er rett,

10som byggjer Sion med bloddåd

og Jerusalem med urett!

11Der dømer hovdingen for betaling,

presten tek løn for å læra,

og profeten spår for pengar.

Likevel stør dei seg til Herren og seier:

«Er ikkje Herren midt imellom oss?

Det hender ikkje oss noko vondt.»

12Difor skal Sion – for dykkar skuld –

pløyast som ein åker.

Jerusalem skal verta ei steinrøys

og tempelberget ein skogkledd ås.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help