Kolossarane 1 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Helsing

1Paulus, som etter Guds vilje er Kristi Jesu apostel, og vår bror Timoteus, Skaping og forsoning ved Kristus

15Han er bilete av den usynlege Gud,

den fyrstefødde som står over alt det skapte.

16For i han vart alt skapt,

i himmelen og på jorda,

det synlege og det usynlege,

dei som tronar og dei som styrer,

både makter og herredøme –

alt er skapt ved han og til han.

17Han er før alle ting,

og alle ting står ved lag ved han,

18han er hovudet for lekamen, som er kyrkja.

Han er opphavet,

den fyrstefødde av dei døde,

så han i eitt og alt skal vera den fremste.

19For det var Guds vilje

at heile hans fullnad skulle bu i han,

20og ved han ville Gud forsona alle ting med seg,

det som er i himmelen og det som er på jorda,

då han skapte fred ved hans blod, på krossen.

21De var òg ein gong framande og fiendar av Gud i sinn og tanke på grunn av dei vonde gjerningane dykkar. Liding og teneste for kyrkjelydane

24No gleder eg meg over det eg må lida for dykk, og det som enno vantar i Kristi lidingar, utfyller eg på min eigen kropp; eg lid for hans lekam som er kyrkja.

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help