1Dette er ætta åt Aron og Moses, som ho var den tid Herren tala til Moses på Sinai-fjellet.
2Aron hadde desse sønene: Den eldste heitte Nadab; så kom Abihu, Elasar og Itamar.
5Herren sa til Moses:
6Lat Levi-ætta koma hit! Lat dei gå fram for Aron, presten, og tena han!
7Dei skal gjera teneste framfor møteteltet både for Aron og for heile Israels-lyden og gjera det arbeidet som skal gjerast ved heilagdomen.
11Så sa Herren til Moses:
12Sjå, levittane har eg teke ut mellom israelittane i staden for alle fyrstefødde i Israel, dei som kjem fyrst frå mors liv. Og levittane skal høyra meg til.
13For eg skal ha alt fyrstefødt. Den dagen eg slo i hel alle dei fyrstefødde i Egypt, fastsette eg at alt fyrstefødt i Israel, både av menneske og dyr, skal viast til meg. Det skal høyra meg til. Eg er Herren.
14Herren tala atter til Moses i Sinai-øydemarka og sa:
32Den øvste hovdingen over levittane var Elasar, son til Aron, presten. Han hadde tilsyn med dei som gjorde teneste ved heilagdomen.
33Til Merari høyrde Makli-ætta og Musji-ætta. Det er Merari-ættene.
34Då dei vart mønstra, alle menn og alle gutar som var ein månad eller meir, var det 6 200 som vart innskrivne i manntalet.
35Hovdingen over Merari-greina var Suriel, son til Abihajil. Dei hadde leiren sin på nordsida av heilagdomen.
36Merari-sønene var sette til å ta seg av plankane i møteteltet, tverrstengene, stolpane og fotstykka, alle reiskapane der og alt arbeidet som fylgde med,
37og stolpane kring føregarden med fotstykka, pluggane og snorene som høyrde til.
38På austsida av heilagdomen, framfor den delen av møteteltet som vender mot soloppgangen, hadde Moses og Aron og sønene hans leiren sin. Dei tok seg av tenesta ved heilagdomen for israelittane. Kom ein annan nær det heilage, laut han døy.
39Talet på dei levittane som vart mønstra, mønstra av Moses og Aron på Herrens ord, ætt for ætt, alle menn og alle gutar som var ein månad eller meir, var i alt 22 000.
Utløysing av dei fyrstefødde40Herren sa til Moses: Du skal mønstra dei fyrstefødde i Israel, alle menn og alle gutar som er ein månad eller meir, og skriva dei inn i manntalet.
41Lat så meg, Herren, få levittane i staden for alle dei fyrstefødde mellom israelittane, og feet åt levittane i staden for alt det fyrstefødde feet hjå israelittane.
42Moses gjorde som Herren hadde sagt, og mønstra alle fyrstefødde hjå israelittane.
43Talet på dei fyrstefødde som vart mønstra og innskrivne i manntalet, alle menn og alle gutar som var ein månad eller meir, var i alt 22 273.
44Så sa Herren til Moses:
45Ta levittane i staden for alle dei fyrstefødde mellom israelittane, og feet åt levittane i staden for feet deira. Levittane skal høyra meg, Herren, til.
46Men i løysepengar for dei 273 fyrstefødde mellom israelittane som går ut over talet på levittar,
47skal du ta fem sekel for kvar, etter den vekt dei nyttar i heilagdomen, der ein sekel er tjue gera.
48Desse pengane skal du gje Aron og sønene hans til utløysing av dei israelittane som er over talet.
49Så fekk Moses løysepengane for dei fyrstefødde mellom israelittane som var att då dei andre var utløyste med levittane.
50Hjå dei fyrstefødde mellom israelittane fekk han pengane, 1 365 sekel etter den vekt dei nyttar i heilagdomen.
51Og etter Herrens ord gav Moses løysepengane til Aron og sønene hans. Moses gjorde som Herren hadde sagt.
Who We AreWhat We EelieveWhat We Do
2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.