2. Krønikebok 7 - Bibel 1978/1985 - Bibelselskapet(Bibel1978)

Tempelvigsla

1Då Salomo hadde enda bøna si, fór det eld ned frå himmelen og øydde brennofferet og slaktoffera, og Herrens herlegdom fylte huset.

4Så ofra kongen og alt folket slaktoffer til Herren.

5Det offeret som Salomo då bar fram, var 22 000 oksar og 120 000 sauer. Såleis var det kongen og alt folket vigsla Guds hus.

6Imedan stod prestane på postane sine, og levittane spela på dei instrumenta som kong David hadde fått laga til å prisa Herren med: «For hans miskunn varer til evig tid.» For David hadde sett dei til å føra fram lovsongen. Og prestane stod midt imot dei og bles i trompetar, medan heile Israel stod ikring.

7Så vigsla Salomo midtdelen av føregarden framfor Herrens hus. Der bar han fram brennoffera og feittstykka av måltidsofferet. For bronsealtaret som Salomo hadde laga, kunne ikkje røma både brennofferet, grødeofferet og feittstykka.

8I sju dagar heldt Salomo høgtid den gongen, og heile Israel med han. Det var ein stor festlyd som var komen saman heilt frå Lebo-Hamat til Egyptarbekken. Jos 13,3ff

9Den åttande dagen heldt dei ei høgtidssamling. Altarvigsla hadde dei høgtida i sju dagar og lauvhyttehelga i sju dagar. 3 Mos 23,36

10Den tjuetredje dagen i den sjuande månaden lét han folket fara heim att, glade og fegne for alt det gode Herren hadde gjort mot David og Salomo og mot Israel, folket sitt.

Guds svar på Salomos bøn

11No hadde Salomo fullført både Herrens hus og kongsgarden. Og alt det han hadde sett seg føre å gjera i Herrens hus og i sitt eige hus, hadde han ført vel til ende. 1 Kong 9,1–9

12Då synte Herren seg for han om natta og sa til han: Eg har høyrt bøna di og valt meg ut denne staden til offerstad. 6,20+

13Det kan nok henda at eg stengjer himmelen, så det ikkje kjem regn, eller byd grashopper snøya landet eller sender pest mellom folket mitt.

14Dersom då dette folket som namnet mitt er nemnt over, gjer seg lite og mjukt og bed, søkjer meg og vender om frå si vonde ferd, så vil eg høyra det i himmelen, tilgje synda deira og bøta brestene i landet.

15No skal eg ikkje lata att augo, men lyda til kvar bøn som stig opp frå denne staden.

16Eg har valt ut dette huset og helga det, så namnet mitt skal bu der til evig tid. Augo mine og hjarta mitt skal alltid vera vende mot det.

17Ferdast du no for mitt åsyn, som David, far din, gjorde, gjer du alt det eg har sagt deg, og held du føresegnene og boda mine,

18så skal eg tryggja kongsstolen din, etter den pakta eg gjorde med David, far din, då eg sa: «Det skal aldri vanta ein mann av di ætt til å råda over Israel.» 2 Sam 7,12; 1 Kong 2,4

19Men vender de dykk bort og vanvørder dei føresegner og bod som eg har lagt fram for dykk, gjev de dykk til å dyrka andre gudar og kasta dykk ned for dei,

20då vil eg rykkja dykk opp or det landet eg har gjeve dykk. Og dette huset som eg har helga for namnet mitt, vil eg føykja bort frå mitt åsyn og gjera det til eit ordtak og eit spottord mellom alle folk. Jos 23,16+

21Alle som fer framom dette huset, som var så ruvande, skal verta forfærde. Og når nokon spør kvifor Herren har fare så med dette landet og dette huset, Jer 22,8

22skal folk svara: «Fordi dei vende seg frå Herren, sine fedrars Gud, han som førte dei ut or Egypt, og heldt seg til andre gudar, som dei tilbad og dyrka, difor har han ført all denne ulukka over dei.»

Blog
About Us
Message
Site Map

Who We AreWhat We EelieveWhat We Do

Terms of UsePrivacy Notice

2025 by iamachristian.org,Inc All rights reserved.

Home
Gospel
Question
Blog
Help